Utstilling

Stamina. Kari Nissen Brodtkorb og fire forgjengarar

Arkitekt Kari Nissen Brodtkorb har bygd stort og mykje, men også stått i mange kampar i ein mannsdominert bransje.

  • 16. mai–19. oktober 2025
  • Nasjonalmuseet – Galleri grafikk og teikning

Utstillinga presenterer Kari Nissen Brodtkorbs bygningar side om side med arbeida til fire historiske forgjengarar: Lilla Hansen, Kirsten Sand, Kirsten Sinding-Larsen og Maja Melandsø. Dei er alle kvinner som dreiv eigne arkitektkontor i løpet av karrieren, og i utstillinga blir åra då dei hadde eigen praksis, vektlagde.  

Gjennom Brodtkorbs blikk får du oppleve den over femti år lange karrieren hennar formidla via eit utval fotografi, avisutklipp og gjenstandar frå det private arkivet til arkitekten. I utstillinga blir det også vist teikningar og publikasjonar frå dei fire forgjengarane hennar. 

Sjølv om dei fem arkitektane har vore anerkjende i samtida, finst det få spor av dei i museum og arkiv, og dei er lite omtalte i norsk arkitekturhistorie.

 

Kari Nissen Brodtkorb 

Kari Nissen Brodtkorb (f. 1942) lét seg ikkje skremme av arkitekturprofessoren sin i 1960-åra, som erklærte at arkitektur var så krevjande at «alle små piker i denne sal bør ta første tog hjem». Ho dreiv sitt eige arkitektkontor i over 30 år, frå 1985 til 2017, og har realisert over hundre bygningar. 

Brodtkorbs arkitektur er kjenneteikna av stadforståing, tegl- og stålkonstruksjonar, opningar som slepper lys inn i gardsromma, og vektlegging av detaljar. Bygningane hennar på mellom anna Aker brygge, på Sørenga og i Gullkroken i Oslo viser evna ho har til å sameine estetikk og funksjonalitet, samtidig som ho skaper bygg som er tilpassa omgivnadane. 

Brodtkorb har vunne ei rekke prisar, mellom anna Anders Jahres Kulturpris i 2014 og Houens fonds diplom for Stranden i 1994.  

 

Dei fire forgjengarane 

Lilla Hansen (1872–1962) etablerte eigen praksis i 1906, og vart for alvor kjend for ein bygard i Thomas Heftyes gate 42 i Oslo, som stod ferdig i 1912. Ho engasjerte seg i bustadbygging og teikna også ei rekke helsebygg. 

Kirsten Sand (1895–1996) vart i 1919 den første norske kvinna med full arkitektutdanning frå Norges tekniske høgskole (no NTNU). Ho dreiv eigen praksis i ti år, og etter den andre verdskrigen var ho distriktsarkitekt i Nord-Troms. 

Kirsten Sinding-Larsen (1898–1978) etablerte sitt eige arkitektkontor i 1933 og arbeidde hovudsakleg med bustadar og helsebygg fram til omkring 1960. Ho var mellom anna aktiv i debatten om bukvalitet og standardar for norsk bustadbygging. 

Maja Melandsø (1906–1981) er mest kjend for forretningsbygget Melandsøgården i Trondheim, oppført i 1932. Frå 1945 til 1957 arbeidde ho med gjenreising og bustadbygging i Kristiansund, og frå 1962 hadde ho eigen praksis i Trondheim. 

Prosjektleiar: Linn Hellebust Kristiansen
Kurator samling og utstilling: Birgitte Sauge
Ekstern medkurator: Kari Nissen Brodtkorb
Kurator formidling: Johanne Nordby Wernø
Pressekontakt: Hanne Marie Willoch

Sjå fleire bidragsytarar her