Foto: Nasjonalmuseet / Annar Bjørgli

Museet byr på mange ulike aktivitetar - for alle! Ta med deg ein ven, eit familiemedlem eller kom sjølv og opplev kunsten gjennom praktiske aktivitetar som du kan delta i.

Nasjonalmuseet byr på aktivitetar som famnar eit breitt publikum, med tilbod for både dei erfarne og for nybegynnarar. Aktivitetane kan du gjere ålene eller saman med andre. Opplev kunsten gjennom praktiske oppgåver i museets verkstadar, i utstillingane eller ute i byrommet.

I verkstadane kan du jobbe med ulike materiale og kunstnariske teknikkar. Nokre gongar vil det vere opne verkstadar, andre gongar vil du kunne melde deg på kurs, vere deltakar i ein performance eller høyre ein kunstner fortelle om sin praksis. I tillegg vil du kunne tilnærme deg kunsten via digitale plattformer og andre aktivitetar inne i utstillingssalane som alltid vil vere tilgjengelege når du besøker museet.