Medlemsvisning: Stamina. Kari Nissen Brodtkorb og fire forgjengarar

Velkommen til ei eksklusiv førehandsvising av utstillinga «Stamina. Kari Nissen Brodtkorb og fire forgjengarar»!
Kari Nissen Brodtkorb (f. 1942) lét seg ikkje skremme av arkitekturprofessoren på 1960-talet som erklærte at arkitektur var så krevjande at «alle små piker i denne sal bør ta første tog hjem».
Utstillinga presenterer bygningane til Kari Nissen Brodtkorb side om side med arbeida til fire historiske forgjengarar: Lilla Hansen, Kirsten Sand, Kirsten Sinding-Larsen og Maja Melandsø. Dei dreiv alle eigne arkitektkontor og var anerkjende i si samtid. Likevel er det få spor etter dei i museum og arkiv, og dei er lite omtalte i norsk arkitekturhistorie.
Ingen bestilling av billett er nødvendig. Berre vis medlemskortet ditt ved ankomst, og ta gjerne med ein gjest.
Har du spørsmål om medlemskap? Ta kontakt på medlem@nasjonalmuseet.no