Architecture of Consequence. Nederlandsk og norsk arkitektur for framtiden
Utstillinga viser korleis arkitektur kan skape ei mer berekraftig framtid og bidra til å løyse globale utfordringar.
I Ulltveit-Moe-paviljongen presenterer ti anerkjende nederlandske arkitektkontor mulege svar på samfunnsmessige problemstillingar innan matproduksjon, helse og omsorg, energi, tid, rom og sosiale sammenhengar. Utstillinga «Ildsjeler» i Bucher-salen knyter temaet til norske forhold. Her tek arkitektkontoret Helen & Hard utgangspunkt i enkeltindivid som brenn for ideane og tiltaka sine. I eit større perspektiv kan nettopp lokale ildsjeler og deira prosjekt påvirke samfunnet i ei meir berekraftig retning.
Utstillinga er produsert av Netherlands Architecture Institute og blir presentert i samarbeid med Nasjonalmuseet. «Ildsjeler» er produsert i eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet og Helen & Hard.
Kurator for utstillinga i Nasjonalmuseet er Anne Marit Lunde