Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland

Oscar Niemeyer er ein av verdas største nolevande arkitektar. Den 97 år gamle arkitekten er framleis i verksemd på kontoret sitt, der han skodar ut over Copacabana-stranda i Rio de Janeiro.

Etter at Kaare Berntsen besøkte Oscar Niemeyer i 1998, teikna den berømte arkitekten ein einebustad tenkt bygd ved Oslofjorden. Utstillinga presenterer i første rekkje dette prosjektet. Diverse norske arkitektar har besøkt Oscar Niemeyers imponerande bygningar i Brasil. Utstillinga viser også eit utval av fotografi og teikningar frå desse arkitektane.