Hannah Ryggen. Verden i veven
et vakre og det grusomme vevd om kvarandre.
Hannah Ryggen (1894−1970) ruvar som ein av Nordens mest betydningsfulle kunstnarar frå det 20. hundreåret. Teppa hennar står fram som visuelle reaksjonar på hendingar, konfliktar og prosessar. Ho trakk verda inn i veven.
Mot midten av 1930-talet tok Ryggen for seg dei destruktive kreftene i fascismen og nazismen. Vald og overgrep blir tematisert på måtar som relaterer til moderne, maktkritisk historiemåleri. Viljen til å fortelje går hand i hand med ei fri betoning av abstrakte mønster, former og fargar. Utstillinga følgjer opp ei brei, fornya interesse for Ryggens figurative og sterkt engasjerte modernisme. Ho er laga i samarbeid med Moderna Museet i Malmö.
Kurator for utstillinga er Øystein Ustvedt.
Kurator utstilling: Øystein Ustvedt
Kurator formidling: Ellen Lerberg
Prosjektleder: Rikke Lundgreen