Félix Vallotton, «Bortføringen av Europa», 1908. Tilhører Kunstmuseum Bern. Gave fra professor Hans R. Hahnloser, Bern
  • 30. september 2011–8. januar 2012
  • Nasjonalgalleriet

Kunstmuseum Bern er det eldste kunstmuseet i Sveits og har ei omfattande samling av både sveitsisk og utanlandsk kunst. Utstillinga presenterer 80 verk av sveitsiske kunstnarar frå denne samlinga, og gir moglegskap til å sjå kunsthistoriske høgdepunkt som Ferdinand Hodlers Dagen (1899) Alberto Giacomettis Dame fra Venezia (1956), Félix Vallottons Bortføringen av Europa (1908) og fleire Paul Klee-arbeid. I alt er 28 kunstnarar representerte.

Utvalet spenner over ein tidsperiode på nesten 100 år – frå Arnold Böcklins symbolistiske Kentaurkamp (1872) til Max Bills konkret-abstrakte Fire doble farger (1967). Arbeid av Paul Klee, Alberto Giacometti, Sophie Taeuber-Arp, Max Bill, Félix Vallotton og Ferdinand Hodler utgjer utstillinga sine hovudverk. Dette er kunstnarar som først og fremst har markert seg som modernistiske pionerar av internasjonalt format, men som også er sameint i si tilknyting til sveitsisk kultur. Utstillinga er delt inn i ti kapittel med eit kunsthistorisk tema eller ein enkeltkunstnar som omdreiingspunkt: Realisme, Arnold Böcklin og symbolismen, postimpresjonismen i Sveits, Ferdinand Hodler, Félix Vallotton, Surrealisme og outsider-kunst, Alberto Giacometti, Paul Klee, Ernst Ludwig Kirchner og Sveits og Konkret kunst.

Böcklin og Hodler

Frå slutten av 1800-talet, og særleg på første halvdel av 1900-talet, vart ei rekkje sveitsiske kunstnarar internasjonalt kjende. Kunstretningar som spesielt har sett sitt preg på denne hundreårsperioden i sveitsisk bildekunst er symbolismen, surrealismen og konkret kunst. Arnold Böcklin og Ferdinand Hodler er begge viktige kunstnarar innan europeisk symbolisme. Böcklin vart også seinare eit viktig historisk referansepunkt for 1900-talets surrealistiske rørsle. Hodler blir ofte samanlikna med Edvard Munch i hans symbolistiske periode. Hodler er representert i utstillinga både med eit symbolistisk hovudverk, Dagen (1899), og eit av dei mest kjende motiva frå hans meir ekspresjonistiske fase på 1900-talet, Tømmerhuggeren (1910).

Orden og system med innsal av det absurde

Kanskje er det grunn til å hevde at det ikkje var ei tilfeldigheit at den konkrete kunsten fekk så stor gjennomslagskraft i Sveits – eit land som lever med klisjeen om at alle innbyggjarar set pris på system og orden? Max Bill arbeidde gjennom sitt kunstnarskap konsekvent innanfor rammen av konkret kunst, og etablerte eit dynamisk miljø for konkret-abstrakte kunstnarar i Zürich i 1940- og 50-åra. Men samtidig var Zürich også opprinningstad for den nihilistiske Dada-rørsla som vaks ut av blant anna desillusjon over første verdskrig og konsekvensane av denne. Og ikkje minst fekk surrealismen ei særleg sterk stilling i Sveits frå første halvdel av 1900-talet, med Paul Klee og Alberto Giacometti som dei mest markante skikkelsane.

Transitt Sveits

Under første verdskrig emigrerte mange tyske kunstnarar til Sveits. Dette resulterte i eit rikt og mangfaldig kunstmiljø dei første tiåra av 1900-talet. Frå 1917 etablerte Die Brücke-kunstnaren Ernst Ludwig Kirchner (1880–1938) seg i kantonen Grison, og vart der ein viktig kontakt og inspirasjon for gruppa av sveitsiske ekspresjonistar som fekk tilnamnet Rot-Blau (Albert Müller, Hermann Scherer). Dada-rørsla plasserte Zürich på kunstkartet og prega kunstlivet der i mellomkrigstida, og ein stor del av Dada-kunstnarane kom til Sveits som politiske flyktningar. Men miljøet utvikla seg i tett samspel med sveitsiske kunstnarar. Blant hovudaktørane her finn vi Sophie Taeuber-Arp.

Utstillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Kunstmuseum Bern, Kunsthalle der Hypo-Kulturstiftung, München, og Nasjonalmuseet.

Kurator for utstillinga i Nasjonalmuseet er Vibeke Waallann Hansen.