Utstilling
Stengt
Illustrasjonar til Snorres kongesagaer

Erik Werenskiold. «Seierherrenes skip vender hjem etter slaget ved Svolder».
Foto: Nasjonalmuseet / Anne Hansteen Jarre
Utstillinga viser eit utval av kva Nasjonalmuseet har av teikningar som vart laga for å illustrere Snorre Sturlasons (1179-1231) "Kongesagaer", utgitt på J.M. Stenersens forlag i Kristiania i 1899.
I denne praktutgåva av forteljingar om dei norske kongane i mellomalderen hadde Erik Werenskiold hovudansvaret for tekstillustrasjonane, medan Gerhard Munthe tok seg av det dekorative, som bordar, initialar og vignettar. Saman skapte dei "Snorre-stilen", den forenkla og stiliserte teiknemåten som harmonerer godt med sagaene sin karakter. I tillegg til Werenskiold og Munthe bidro Halfdan Egedius, Christian Krohg, Eilif Peterssen og Wilhelm Wetlesen med illustrasjoner. Teikningane er også nytta i mange seinare utgåver av Snorre.