Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland
  • 13. mai–17. september 2006
  • Museet for samtidskunst

Per Spooks karriere som motedesignar har vore eineståande. Han kom til Paris i 1959, 20 år gamal. Etter praksis i motehusa Dior og Yves Saint Laurent vart han tilsett som sjefsdesignar hos Louis Féraud i 1962. I 1977 opna han motehus i eige namn. I åra fram til 1994 presenterte han to haute couture-kolleksjonar kvart år, for tre av dei vann han fransk motes høgaste utmerking: Gullsynåla og Gullfingerbølet.

Spook sin stil var konsekvent, enkel og brukbar, med fargerike og fantasifulle innslag. I Paris vart han oppfatta som ein moteskapar med eit klart nordisk preg. Sett med norske auge er det ein kombinasjon av det nordiske og det franske som utgjer hans særpreg – det enkle og brukarvenlege i foreining med det feiande flotte og raffinerte.

Kolleksjonar i Japan

Per Spooks motehus i Paris stengde dørene i januar 1995. Men Asia-delen av verksemda levde vidare, og Per Spook lagar framleis to kolleksjonar (prêt-à-porter) i året for den japanske marknaden.

Rekonstruksjon av studio i Paris

Utstillinga, som består av ca. 120 haute couture-antrekk, er den første store presentasjonen av Per Spook som motedesignar. Ho tek utgangspunkt i hans kreativitet. Utstillinga si kjerne vil difor vere ein rekonstruksjon av Per Spooks studio i motehuset i Paris. Publikum får innsikt i Per Spooks virke som motedesignar og i dei problemstillingane han arbeidde med i kolleksjonane. Gjennom dette opnast det også for innsikt i verksemda til hans motehus spesielt, og til franske haute couture-motehus generelt.

Kreativt studio

Utstillingas andre tema spring ut av kreativiteten som utfalda seg i studioet og utdjuper problemstillingane: Kolleksjonane (viser antrekk frå alle hans kolleksjonar i favorittfargane svart-kvitt), Fargar og mønster (viser korleis han arbeidde med desse to aspekta), Grafiske mønster (fokuserer på stoffmønstra med figurteikningar som var ein av hans spesialitetar), Norsk/nordisk inspirasjon (viser samisk-inspirerte antrekk og strikkeantrekk).

Saman med videoar frå kolleksjonsvisingane i Paris, vil temaa gi publikum mulegheit til å danne seg eit bilde av Per Spooks kreativitet i heile den perioden motehuset eksisterte.

I tilknyting til utstillinga planleggast det ulike arrangement og katalog.

Kurator er Anne Kjellberg.