• 13.–23. januar 2005
  • Kunstindustrimuseet

Utstillinga er eit samarbeidsprosjekt mellom Seksjon formidling ved Nasjonalmuseet og Høgskolen i Oslo. Utstillinga presenterer arbeid av studentar frå faglærarutdanninga i formgiving, kunst og handverk ved Høgskolen i Oslo, avdeling for estetiske fag.

Studentane har latt seg inspirere av Kunstindustrimuseets "Stil"-utstilling og laga eigne kreative, tankevekkjande og morosame arbeid innan skulptur, installasjon, foto, tekstil, måleri og liknende som ein replikk til museets gjenstandar. Juryen som har valt ut arbeida er faglærarar i kunst og handverk ved Høgskolen i Oslo, avdeling for estetiske fag og kuratorar ved Nasjonalmuseet, seksjon formidling.

Utstillinga blir vist i Storsalen på Kunstindustrimuseet. 

Mål for utstillinga:

  • Formidle kunnskap om og forståing for estetiske verdiar
  • Vise korleis ein kan bruke tradisjonen og stilhistoria som inspirasjonskjelde til eige kunstuttrykk og i pedagogisk arbeid
  • Vise kva faglærerutdanninga i formgiving, kunst og handverk kan bidra med i skulen
  • Gi ein kommentar til ny skulereform der kunst og handverksfaget blir nedprioritert

Kuratorer for utstillingen er Cathrine Lorange og Brynhild Slaatto i samarbeid med studentene