Hva betyr kunstbegrepet?
Kva betyr «scandinavian design»?
Etter andre verdenskrig var det et stort ønske om økt nordisk samarbeid. Med utstillingane «Scandinavia at Table» og «Scandinavian Design for Living» i London i 1951 blei omgrepet Scandinavian design introdusert. Omgrepet blei brukt som eit marknadsføringstiltak, og framheva stereotypar som sprang ut av ei rad mytar om Skandinavia. Scandinavian design blir assosiert med ei grasiøs og lågmælt formgiving som passa til biletet av dei nordiske sosialdemokratia. Dette kom mellom anna til uttrykk i bruken av rimelege og gode materiale, enkle former og ein sparsam dekor. Eit viktig element var den aerodynamiske og organiske forma med opphav i USA. Denne fekk no fullt gjennomslag med dei nye plastmateriala.