Tidlegare visningsstadar
Nasjonalgalleriet, Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet og Museet for samtidskunst vart slått saman i 2003.
Noregs første offentlege kunstmuseum heitte Nationalmuseet då det vart oppretta i 1837. Deretter i ei kort periode; Statens kunstmuseum, før det fekk namnet Nasjonalgalleriet. Samanslåinga av Nasjonalgalleriet, Arkitekturmuseet, Kunstindustrimuseet og Museet for samtidskunst i 2003 gav namnet Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.
Museet sine visingsstader i Oslo er Nasjonalmuseet – Arkitektur og Villa Stenersen og Stasjonsmesterboligen. Nasjonalgalleriet stengde mellombels 13. januar 2019. Kunstindustrimuseet stengde 16. oktober 2016. Museet for samtidskunst stengde 3. september 2017.