Forsking og utvikling
Forsking og utviklingsarbeid i Nasjonalmuseet blir i hovudsak utført i tilknyting til museets utstillingar og i samlingsarbeidet. Det blir også forska på eigen praksis og på publikums opplevingar.
Museets tilsette har mangfaldig kompetanse innanfor kunsthistorie, konservering, kuratering og praksisdreven forsking. Dei bidreg som redaktørar, forfattarar og sakkyndige i arbeidet med museets eigne publikasjonar og til publikasjonar som er utgjevne ved andre museum og institusjonar. Fleire tilsette er representert i faglege komitear, redaksjonsråd, utval og organisasjonar i inn- og utland, og held jevnleg foredrag og/eller deltek med innlegg på konferansar.
Publisert forskings- og dokumentert utviklingsarbeid utført av Nasjonalmuseets tilsette er dokumentert i den vitskapelege databasen CRISTIN. Dette inkluderer blant anna faglege og vitskapelege publikasjonar – katalogar, bokutgivingar og andre fagrelaterte artiklar – i tillegg til vitskapelege og populærvitskapelege foredrag, mediebidrag og museale presentasjonar.