Tekst av Ådne Dyrnesli, redaksjonen
– Den klassiske kunsten spelar på prinsipp som symmetri, harmoni og likevekt, svarar Ingrid Wisløff Aars, kurator formidling ved Nasjonalmuseet.
For anledninga står ho i Nasjonalmuseet, omgitt av kvite statuer av nakne kroppar som skildrar scener og historiar frå gresk mytologi og bibelhistoria. Typiske motiv i den klassiske kunsten.
Klassisk kunst: Tidlaus i form og uttrykk. Hever seg over det generelle, og strekkjer seg mot det idealiserte.
Figurativ kunst: Du ser og forstår kva kunsten førestiller.
Klassisk figurativ kunst: Ikkje nok at kunsten liknar, den skal også idealiserast og strekkja seg mot det allmenngyldige og tidlause.
Moderne kunst: Eit samleomgrep for ei rekke nye og eksperimentelle retningar i kunsten. Ein søken mot det nye.
Abstrakt kunst: Kunst der du ikkje ser kva det er. Fokus på form, linjer og farge.
Moderne figurativ kunst: Abstrakt kunst som arbeider etter klassiske ideal.
– Men kva vil det eigentleg seie at noko er klassisk?
– Den klassiske kunsten spring ut frå antikken sitt idegrunnlag, svarar Wisløff Aars.
Antikken er perioden til dei gamle greske filosofane og dei romerske keisarane, fortel ho vidare. Rundt rekna frå 700 år før Jesus si tid, til omtrent 400 år etter. Dei var opptekne av spørsmål rundt fornuft, etikk, mennesket sin plass i verda, og universelle verdiar.
– Dei streber etter det tidlause i form og uttrykk.
– Den klassiske figurative kunsten, er også figurativ, kva betyr det?
– Det vil seie at du kan sjå kva det er, du ser kva bildet eller skulpturen førestiller, forklarar Wisløff Aars.

Men i den klassiske kunsten er det ikkje nok at det berre liknar. Det skal heva seg over det generelle, og strekka seg mot det idealiserte.
– Om det er bilete av ein far, så er det ikkje min far du ser. Det er noko meir overordna og arketypisk, som går på kva det vil seie å vera far. Om idéen av ein far, fortel Wisløff Aars.
Det klassiske kjem i bylgjer

Ingrid Wisløff Aars understrekar at det her er vesten si kunsthistorie vi pratar om.
Dei siste to tusen åra, sidan antikken, har det klassiske gått i bylgjer i vesten.
Ein går vekk frå det klassiske i mellomalderen, før ein finn tilbake til dei klassiske ideala i renessansen tusen år etter antikken.
– I renessansen har du kunstnarar som Leonardo da Vinci som er interessert i matematiske prinsipp og i anatomien til menneskekroppen, fortel Wisløff Aars.
Etter dette er det mange ulike periodar, som utviklar seg ulikt i ulike land. Periodane flyt litt inn i kvarandre, men det klassiske er meir eller mindre heile tida.
– Det er reaksjonar og motreaksjonar, seier Wisløff Aars. – Men så har vi ofte meir til felles enn vi liker å tru.
Modernismen sitt inntog

Ein av dei mest kjende klassiske figurative kunstnarane vi har i Noreg i dag, Odd Nerdrum (f. 1944), har modernismen som ein uttalt fiende.
I NRK-serien «Familien Nerdrum», seier dottera hans, Aftur, at familien har modernismen som felles fiende, medan sonen Bork kallar modernismen «eit virus som smittar kunstnarar verda over».
– Men kva er eigentleg denne modernismen dei kritiserer?
– Modernismen er eit samleomgrep, for ei rekke nye og eksperimentelle retningar i kunsten, som kjem frå slutten av 1800-talet og utover 1900-talet, svarar ho. – Ein ser det også i arkitektur, musikk og litteratur.
Modernismen bryt med fortida sine idéar om kva kunst skal vera, forklarar ho. Kunsten skal vera fri, og utforska form, flater, linjer og farge som noko som er uavhengig av den ytre attkjennelege verkelegheita. Det er ikkje lenger så viktig at det liknar på noko.
– Det er ein søken mot det nye, det eksperimentelle og det spesifikke, fortel Wisløff Aars.
Ein går meir vekk frå det allmenngyldige og idealiserte, og blir meir opptekne av enkeltmenneskjer si oppleving av verda.
Ideala som ikkje forsvann
– Med modernismen sitt inntog skulle ein kanskje tru at dei klassiske ideala forsvann ut av kunsthistoria, seier Wisløff Aars.
– Men det skjedde ikkje.
Mykje av den moderne kunsten er abstrakt, det vil seie at du ikkje kan sjå kva det skal førestilla, i motsetning til det figurative.
Men det finns også moderne kunst som er figurativ, og abstrakt kunst som arbeider etter klassiske ideal.
Til dømes er Edvard Munch (1863–1944) ein moderne kunstnar som målar ting du kan sjå kva er.
– Munch målar figurativt, men han beveger seg mot det moderne, forklarar ho. – Formane løyser seg meir og meir opp.
Måleria hans spring ut frå kjenslemessige reaksjonar, og han forheld seg mindre og mindre til den objektivt målbare verkelegheita. I staden handlar dei om korleis han opplever verda.
Det finst også kunstnarar som jobbar abstrakt etter klassiske ideal, fortel Wisløff Aars.
– Dei har sett til den klassiske kunsten sine ideal og prinsipp – struktur, form og symmetri – i si utforsking av ulike abstrakte tematikkar, forklarar ho.
Her trekk ho fram Aase Texmon Rygh (1925–2019) som eit godt døme. Texmon Rygh lagde abstrakte skulpturar basert på matematiske teoriar.
Mest kjend er Møbius-serien, basert på ein teori om figurar som berre har ei flate og ein ytterkant.
– Ho har ein fascinasjon for det tidlause og for det matematiske, fortel, Wisløff Aars. – Element som vi kjenner igjen frå den klassiske kunsten.
Evig aktuell
Modernismen når eit slags høgdepunkt i 1950-åra, men Wisløff Aars understrekar at den ikkje er heilt ferdig.
– Det er mykje som får lov til å bli med vidare, som hjå Åse Texmon Rygh, som har jobba med desse formane gjennom ei lang karriere.
Sjølv to tusen år etter den greske antikken, med sine togakledde filosofar, er den klassiske arven å sjå i alt frå klassisk figurativt måleri, til abstrakte moderne skulpturar.
– Den klassiske kunsten si interesse for dei store eksistensielle spørsmåla, gjer den evig aktuell, seier Ingrid Wisløff Aars.
– Den held fram med å inspirere dagens samtidskunstnarar, som supplerer den og fortolkar den i lyset av si tid.