Dei løyndomsfulle foldane

Ingen har greidd å kopiere foldane i den ikoniske Delphos-kjolen. No viser det seg at feil person har fått æra for den mystiske teknikken.

Tekst av Ådne Dyrnesli, kommunikasjonsrådgivar

Inni ein liten shoppingpose i papir ligg ein stoffbylt i lys fersken. Hanskekledde nevar løfter han forsiktig ut. Han er samansnurra – som ein kanalsnurr i silke. Varsamt brettar tekstilkonservator Eva Düllo ut stoffet og inspiserer saumar, trådar og band.

Foldane i silkekjolen ho har mellom hendene, ber på ei gåte. Kjolen er ein Delphos frå 1920-åra – ein tilsynelatande enkel, fotsid kjole med foldar, eller plisseringar, som det heiter på fagspråket. Desse foldane er det ingen som har greidd å kopiere.

– Ekteparet Fortuny tok med seg løyndommen i grava, fortel Janne H. Arnesen, rådgivar samling ved Nasjonalmuseet. 

Fleire har prøvd, men silken held berre på plisseringane i nokre dagar eller veker før det glatte stoffet rettar seg ut igjen.

– Her har vi ein kjole som er hundre år gammal, og plisseringane er like fine, held Arnesen fram. 

Inntil nyleg var det ingen som trudde at Henriette Nigrin hadde noko med designet å gjere, men no, etter hundre år i skuggen av ektemannen og samarbeidspartnaren Mariano Fortuny, kjem ho fram i lyset som skaparen av kjolen.

 

Inn i museet 

– Lurer på om dette er den originale sløyfa, seier konservator Eva Düllo lågt og konsentrert. – Men det må vi finne ut seinare.

Nasjonalmuseet har nyleg kjøpt den ferskenfarga kjolen på auksjon, og no skal han erstatte ein grøn Delphos-kjole som har vore utstilt lenge.

– Vi har køyrt han ganske hardt heilt frå han kom i 1992, seier Janne H. Arnesen. – Dei siste åra har vi kjent på at vi må bremse utstillinga av han.

Nasjonalmuseet skal vise fram samlinga si, men òg bevare henne for ettertida. Då er det viktig å rullere på det som er stilt ut, slik at det held seg lenger.

Før den nye kjolen kan kome inn i museet, må han få anoksibehandling. Det vil seie at han må vere utan oksygen i fire samanhengande veker.

– Ein, to, tre.

Konservatorane løfter kjolen forsiktig opp og over i ei ny øskje, som blir stabla saman med andre gjenstandar som skal gjennom den same behandlinga. Ein grøn plastsekk blir trekt over øskjene og blåst opp. Mangelen på oksygen drep skadedyr utan å skade dei skjøre materiala i kjolen.

Ei andre hud 

Delphos er produsert i Venezia av ekteparet Henriette Nigrin og Mariano Fortuny y Madrazo. Silkekjolen kom i éin storleik, og plisseringane gjer at han tilpassar seg forma til den som har han på seg.  

– Plisseringane legg seg rundt kroppen som ei andre hud, forklarer Janne H. Arnesen. 

Den spesielle tussahsilken er farga for hand. Denne silken krev mykje farge og må fargast i fleire omgangar, noko som gir han ein skimrande, målarisk kvalitet. Over skuldrene kan kjolen justerast med ei snor av perler av Murano-glas.

Kjolen var i produksjon frå 1907 til rundt 1950. 

– Det er sjeldan at eitt moteplagg er i konstant produksjon over så lang tid, seier Arnesen. 

Delphos var utypisk for si tid, både i stil og avsendar. Kjolen skapte ein ny stil, og nettopp difor trur Arnesen at han har overlevd så lenge.

I dag er Delphos eit ynda objekt for motesamlarar, kjendisar og stylistar, men korleis enda denne kjolen opp som eit av moteverdas største ikon?

Ein tekstilhimmel

Henriette og Mariano møtte kvarandre i Paris i 1902, men detaljane rundt møtet er uklare.

Henriette var modell, 24 år gammal og nyskild – noko som var uvanleg for ei ung kvinne på denne tida. Målaren og multikunstnaren Mariano var i starten av 30-åra og budde eigentleg i Italia, men oppheldt seg i Paris på denne tida. Han var kjend som magikaren frå Venezia på grunn av dei banebrytande lyssystema han utvikla. 

Det må ha vore eit spesielt møte, for berre nokre månadar seinare blei Henriette med Mariano tilbake til Venezia, og dei flytta inn i Palazzo Pesaro degli Orfei, som i dag er gjort om til museet Palazzo Fortuny. Henriette og Mariano budde og arbeidde i Palazzo Orfei i nærmare 50 år. Her hadde Fortuny målarstudio, han eksperimenterte med lyssystem til teaterproduksjonar, bygde scenografi og utvikla og selde stoff. I tillegg hadde han ei brennande interesse for historie og eit velfylt bibliotek.

– Saman grunnla Nigrin og Fortuny ein tekstilhimmel der dei skapte stoff i både renessansestil, gammalegyptisk stil og mellomalderstil, fortel Arnesen.

Dei samarbeidde tett, der Nigrin arbeidde med å utvikla stoff og fargar og arbeidde med innfarging av plagga. Fortuny hadde dessutan ein tekstilfabrikk, og han heldt fram å arbeide som kunstnar. 

– Av og til kan det vere litt uklart kvar den eine begynner og den andre sluttar, seier Arnesen. 

Saman laga Nigrin og Fortuny fleire ikoniske plagg som var inspirerte av historie, kunst og mytologi, til dømes skjerfet Knossos, som er oppkalla etter den greske oldtidsbyen, velurkapper med intrikate mønster og, mest ikonisk av dei alle, Delphos. 

Mariano Fortuny y Madrazo, «Målaren sitt studio i Palazzo Pesaro Orfei», ukjent år. © Palazzo Fortuny, Musei Civici di Venezia

Historisk inspirasjon

Delphos deler namn med og er inspirert av den antikken statuen «Vognstyraren fra Delfi», som blei utgraven i 1896.

– Nigrin og Fortuny henta inspirasjon frå det gode handverket frå tida før dei «slemme» maskinene kom, fortel Janne H. Arnesen. – Dei såg til kinesisk og japansk tekstilkunst og til antikken, mellomalderen og renessansen.

Statuen, som Nasjonalmuseet har ei avstøyping av, viser ein ung gut i ein fotsid plissert tunika eller kjortel. Opphavleg har han stått i ei vogn som var dregen av hestar, men no er berre taumane att i høgrehanda til guten.

Oldtidas Hellas var i vinden på denne tida, og statuen spreidde seg i Europa gjennom avstøypingar og teikningar. I ei av skissebøkene sine har Fortuny teikna statuen, og skissa røper kva som interesserte han mest: Klesplagget er teikna nøye, mens resten av figuren er uferdig.

Samtidig som dei brukte historiske referansar, tok ekteparet seg visse fridommar.

– Kjolen er inspirert av ein statue frå den greske antikken, men du kunne kjøpe alle slags overkjolar til han, seier Arnesen. – Du kunne vere renessanseprinsesse éin dag og ha på deg ei kimonoinspirert jakke ein annan dag.

På tvers av moten

Starten av 1900-talet er gullalderen for det vi i dag kallar haute couture, spesialsydde plagg i sesongbaserte kolleksjonar.

– Motesystemet slik vi kjenner det i dag, blir etablert no, med kolleksjonar for vår/sommar og haust/vinter, fortel Arnesen.

Namnet haute couture blei lansert av Charles Frederick Worth i 1858, og for å kunne kalle moten sin haute couture måtte ein følge eit sett med reglar som fagrådet Chambre Syndicale de la Couture hadde bestemt i 1868.

Den første regelen var at du måtte ha verkstad i Paris. Du måtte òg lage heile kolleksjonar, og kleda måtte vere skreddarsydde til kunden.

Men ekteparet Fortuny sat ikkje i Paris, ikkje laga dei kolleksjonar, og Delphos kom i «one size fits all». Dei reindyrka handverket, perfeksjonerte teknikken og satsa på enkeltmodellar som Delphos, som var i produksjon i over 40 år.

– Delphos har hatt ei reise frå det litt odde til å passe perfekt inn i motebildet, forklarer Arnesen.

Frigjering frå korsettet

Henriette Nigrin kledd i ein rosa Delphos. Mariano Fortuny y Madrazo, «Studie av den rosa kjolen», 1932.
Foto: Museo Fortuny © Photo Archive - Fondazione Musei Civici di Venezia

Delphos, med sin tynne silke, var opphavleg ein «tea gown», meint for uformelle samankomstar.

– Det var nok ikkje meininga at han skulle brukast som ballkjole, men folk endte opp med å bruka han som det, seier Arnesen.

På 1800- og byrjinga av 1900-talet brukte kvinner korsett og ulike polstringar for å manipulere fasongen på kroppen og kleda, men utover 1920-åra begynte ein å gå meir vekk frå dette. Fleire parallelle tendensar i tida gjorde at motebildet endra seg, ifølge Arnesen.

– Om du vil ha den populistiske historia, så er dette frigjeringa frå korsettet, seier Arnesen.

Sport og fritid blir populært; no skal ein vere aktiv, sunn og sprek. Kva er den sunne, naturlege kroppen, og korleis kan ein lage klede utifrå det? Dette skaper ein motreaksjon mot korsettet og manipuleringa av kroppen. Samtidig er det enorm interesse for klede frå andre delar av verda, særleg Japan. Den enkle Delphos-kjolen tilpassar seg kroppen til den som har han på, og med sine historiske referansar glir han rett inn i motebildet. Delphos blir seld i butikkar i New York, Paris og London. 

Arnesen er likevel litt kritisk til frigjeringa frå korsettet:

– Denne kjolen, utan noko under, krev den perfekte kroppen. Du kan godt kalle det ei frigjering, men det er jo ikkje ei frigjering for alle typar kroppar.

I 1949 døyr Mariano Fortuny y Madrazo, og Henriette Nigrin stoppar all kreativ aktivitet. Ho bruker dei siste 16 åra av livet sitt til å katalogisere, organisere og donere verk og gjenstandar frå ektemannen sitt liv. Ho donerer Palazzo Orfei til Venezia kommune, slik at det kan bli eit museum. Nigrin avsluttar òg produksjonen av kjolane ho har skapt, deriblant Delphos.

– Det er først når Nigrin avsluttar produksjonen, at han døyr, seier Arnesen.

I ettertid er det Fortuny som har fått æra for kjolen. Det er han det er blitt skrive bøker om og forska på, og det er hans namn som har stått på museumsetikettane, også på Nasjonalmuseet.

Ei ny forteljing

– Nigrin er blitt redusert til ei muse, seier Arnesen. – Først dei seinare åra har ein fått auga opp for hennar bidrag. 

Nyleg begynte ein spansk advokat å sjå gjennom dokumenta etter ekteparet, og då fann ho patentsøknaden til plisseringsteknikken som er brukt på Delphos. Der stod det svart på kvitt: «Dette patentet er eigendommen til madame Henriette Brassart, som er oppfinnaren. Eg søker om patentet i mitt namn på grunn av tidsnød. […] 10. juli 1909 i Paris. Fortuny» Brassart er jentenamnet til mor til Nigrin.

– Ho var mykje meir enn ei muse, og her ser vi at det var ho som utvikla kjolen frå A til Å.

Forskarar har i nyare tid funne brev og fotografi som viser at det er Nigrin som har utvikla kjolen, og i ein passasje i sjølvbiografien til Fortuny der han gir ho æra for Delphos.

– Det er lett å bli litt sjølvpiskande, sukkar Arnesen, – for korleis kunne dette gå oss hus forbi?  

Patentet viser at det var keramiske røyr og varme involvert, men gir ikkje eit heilskapleg bilde av prosessen. Ingen på fabrikken lærte heile prosessen. Det går gjetord om at plisseringa blei gjord under vatn, og at ho var avhengig av rett vêr og luftfuktigheit for å halde seg.

I kjølvatnet av denne oppdaginga har fleire museum endra på etikettar og katalogtekstar for vise at det er Nigrin som er skaparen av kjolen, ikkje Fortuny.

Når den nye kjolen no skal inn i utstillinga på Nasjonalmuseet, står det på etiketten at det er Henriette Nigrin som har skapt kjolen.

– Den nye kjolen kjem med eit nytt blikk og ei ny forteljing, seier Janne H. Arnesen.

Gøymde løyndommar

Foto: Nasjonalmuseet / Ådne Dyrnesli

Konservator Eva Düllo tek på seg blå gummihanskar og skrur på lampa over bordet der den ferskenfarga silkekjolen ligg. Kjolen har vore fire veker utan oksygen, og endeleg kan ho studere han.

Sjølv om auksjonshuset i England selde kjolen som «umerkt», oppdagar ho noko inni eit av banda på innsida.

– Sjå her! Ho brettar forsiktig ut bandet, som ikkje er breiare enn ein fingernagl.

Inni bandet er det ein handmåla logo i raudt: «Fortuny». Bandet er blitt brukt til å stramme opp kjolen over brystet, og Düllo meiner det kan ha blitt bytt ut eller sett inn i ettertid.

– Det har ein annan farge enn silken i kjolen, seier ho og viser det fram. – Og saumen er litt rufsete.

Til kjolen høyrer det eit belte, og her er det blitt sett i nye trykknappar. Kjolen er i god stand, men ber teikn på at den er blitt brukt. Han har nokre flekkar, men Düllo fortel at ein nesten er gått heilt vekk frå å vaske plagg i konservering av klede. I staden vil ein bevare spor av levd liv.

Snora som held kjolen saman over skuldrene, er litt skjør, så Düllo set inn ei tynn snor som kan bere vekta av kjolen, utan at ho tek vekk den originale.

– Det er utenkeleg å erstatte den originale snora, seier Düllo. – Den nye skal sørge for at den originale ikkje blir øydelagd.

Konkurranse frå andre

Sjølv om produksjonen blei avslutta rundt 1950, døydde ikkje Delphos heilt.

I 50-åra blei det igjen populært med manipulering, korsett og tjukke skulpturelle stoff. Delphos låg i dvale i 20 år, men så kom 70-åra med det naturlege, flower power og flagrande, fotside kjolar.

– Delphos sine herlege naturfargar og plisseringane som berre lever oppå kroppen, trefte 70-åra som ei kule, fortel Janne H. Arnesen.

Delphos oppstår på ny og blir eit ikon. Fashionistaen Tina Chow blir avbilda i ein ferskenfarga Delphos i 1977, kunstsamlaren Peggy Guggenheim feirar 80-årsdagen sin med brask og bram ikledd Delphos i 1978, og Lauren Bacall har på seg ein raud Delphos på Oscar-utdelinga i 1979.

I dag er kjolen eit museumsplagg, men likevel er han framleis aktuell, og mange er interessert i han. Delphos har vore med i fotoseriar i Vogue og i TV-serien Downton Abbey, og han har vore sett på den raude løparen fleire gongar dei seinare åra.

– Vi konkurrerte med Hollywood-stjerner, stylistar, motesamlarar og folk som berre er på jakt etter den kulaste kjolen, seier Arnesen om prosessen med å få tak i ein ny kjole.

Siste finpuss

Med eit så langt liv er Delphos blitt brukt på mange ulike måtar.

– Vi ser også at nokon har brukt han med korsett under, seier Janne H. Arnesen. 

Når den nye, ferskenfarga kjolen no skal inn i museet, må ein ta eit val med tanke på korleis han skal stillast ut.

– Dei to Delphos-kjolane til Nasjonalmuseet er begge frå 1920-åra, held Arnesen fram. – Då vel vi å stille dei ut som om dei sit på ein kropp frå denne perioden, som ikkje manipulerer i særleg grad. Hadde dei vore frå 1912, hadde det vore freistande å gi dei ein liten Titanic-spinn, ler ho.

Den nye kjolen skal over på ein byste før han skal ut i museet. Konservator Eva Düllo har spesialtilpassa bysten, og no skal ho sjå om han passar. 

– Det er alltid litt skummelt, seier ho og tek på seg hanskane. 

Dei må vera to om det, og saman med konservator Anna Javér løfter ho forsiktig kjolen over på bysten. Dei studerer passforma og diskuterer lengda på ermene og korleis dei skal montere beltet rundt livet.

– Vi har ikkje ein stillesittande jobb, seier Javér medan ho sit på kne og ser opp på  ermeopningane til kjolen. – Vi sit på kne, og vi ligg på golvet. Vi kjem veldig nært på gjenstandane; det er eit fantastisk privilegium.

Tilpassinga av bysten kan ta alt frå ein dag til fleire veker. Så skal kjolen fotograferast til samlinga på nett, før han skal monterast i utstillinga – med ein ny etikett, ei ny forteljing og nye perspektiv.

– No skal han få henge i to år, så tek vi ei ny vurdering, fortel Arnesen.

 

Delphos er stilt ut i rom 15 i Samlingspresentasjonen på Nasjonalmuseet.

Henriette Nigrin (design) og Mariano Fortuny (produsent), «Delphos», 1907–1909 (design), 1920-åra (dette eksemplaret).
Foto: Nasjonalmuseet / Frode Larsen

Kjelder

Bañares, Silvia. 2017. «A short biographical note on Henriette Nigrin, creator of Delphos». Datatèxtil, no. 36, pp. 73–84, https://raco.cat/index.php/Datatextil/article/view/321854.

Fortuny. 26.03.2023. «Creative Bloom». https://fortuny.com/stories/newsletter/creative-bloom.

Fortuny. 28.01.2021. « Be the muse: Henriette Nigrin». https://fortuny.com/stories/newsletter/be-the-muse-henriette-negrin.

Fortuny. 08.12.2023. «The fashion of love». https://fortuny.com/stories/newsletter/the-fashion-of-love.

Jimeno, Paula Ramírez, Fortuny-kurator ved Museo del Traje i Madrid

Smith, Wendy Ligon. 2022. «Fortuny: Time, space, light». Yale University Press, New Haven and London. London.