Helga Myhr
Eg heiter Helga Myhr. Eg jobbar som frilansmusikar i fleire ulike prosjekt. Noko av dei meir faste prosjekta eg spelar i er blant anna bandet Morgonrode, vokalgruppa Kvedarkvintetten og i duo med cellist Tanja Orning. I tillegg jobbar eg også som soloutøvar og skriv ny musikk.
Eg likar veldig godt denne hardingfela som eg får låne av Dextra. Den er laga av felemakar Anders Christian Kleven i 1898. Den har ein veldig spesiell og flott utskjæring på hovudet og Kleven mottok gullmedalje for fela på instrumentutstillinga i Bergen same året som den vart laga.
Fela har ei særeigen, klar og sprudlande klang. I tillegg har ho også ei mørk tone i seg som eg syns gir lyden god djubde og botn. Dette er ei fele som svarar lett på det eg gjer, og den ligg godt til rette for tradisjonelle hardingfelelåttar med raske melodiføringar og raske vendingar i strøka. Kleven var kjent for å ha lange understrenger på felene sine. Det vil si at strengene går heile vegen attende til sargen, og gjer difor at ein får tone også bak stolen. Tonen bak stolen er då oktaven over tonen framfor stolen. Dette er med på å kanskje gi understrengene ein annerledes og fyldigare klang når dei resonnerer til overstrengene. I tillegg kan ein og spele på understrengene som ein slags lyre om ein vil.
Musikkstykke:
Hallingspringaren “Store-Dekken” (trad)
Foto:
Dextra Musica/Kristoffer Eliassen