Selvportrett (uferdig)

Harriet Backer
316
2 min
Harriet Backer, «Selvportrett», ca. 1910
Foto: Nasjonalmuseet / Børre Høstland
Datering: ca. 1910

Transkripsjon

Forteljar:
Dette er det einaste sjølvportrettet vi kjenner til frå Harriet Backers hand. Her ser vi ein eldre målar som studerer seg sjølv i spegelen. Ho ser sjølvkritisk ut. Munnen er stram og bestemt. Ho er alvorleg. Det mørke, stirrande blikket merkjer seg ut.  

Portrettet var ein av sjangrane Backer spesialiserte seg i under studietida i München. Medan ho framleis var student der, skreiv ho heim til mora:  

Skodespelar:
«Jeg har mest lyst av alt i verden til at male portretter, og alle er enige om, at det er det vansgligste af alt i verden, når man kan det, kan man også male billeder; men omvendt kan slett ikke alle, der maler smukke billeder, male ett godt portrett.»  

Forteljar:
Her har ho med friske penselstrøk sett komplementærfargane raudt og grønt opp mot kvarandre. Det var òg fargane som omgav henne i atelieret – raud sofa og grøne vegger.   

Sjølvportrettet er uferdig – og vart ikkje utstilt før etter kunstnarens død. Det er trulegso fingeravtrykka til kunstnaren som er synlege i gult i øvre del av lerretet.