Mitt atelier

Harriet Backer
315
2 min
Harriet Backer, «Mitt atelier», 1918
Foto: Kode / Dag Fosse
Datering: 1918

Transkripsjon

Forteljar:
I 30 år budde Harriet Backer i ei atelierleilegheit i Hansteens gate 2 i Oslo. Her hadde ho si eiga stova, eit lite kjøken og sovealkove. Leilegheita vart også nytta til målarskule, som Backer dreiv for å spe på inntekta som kunstnar.  

Å ha eit eige atelier med nok lys og plass til alt utstyret ein kunstnar trong var ikkje sjølvsagt. Fleire kunstnarar kombinerte difor heimen med atelier, som Backer.  

Backers nære vener, portrettmålaren Asta Nørregaard og landskapsmålaren Kitty Kielland, var også næraste naboar med atelier i same etasjen.  

Backer måla fleire interiør, portrett, stilleben og utsikter frå dette atelieret.  

I Mitt atelier ser vi den raude fløyelssofaen ved sida av dei store vindauga mot byen. Det kalde, blå vinterlyset skaper ein roleg og stemningsfull kontrast til dei varme tekstilane – og får særleg fram det gule i dei vovne teppa som ligg på bordet og golvet.  

Veggen til venstre for vindauget er dekt av gipsavstøypingar av armar og bein, som Backer nytta både i undervisninga, men òg som motivelement i stillebena.  

Eit anna attkjenneleg motiv er den blå vasen, som ofte er fylt med friske blomar i stillebena til kunstnaren.