Interiør fra Uvdal stavkirke

Harriet Backer
310
2 min
Harriet Backer, «Interiør fra Uvdal stavkirke», 1909
Datering: 1909

Transkripsjon

Forteljar:
Med eitt står vi midt i eit trongt og fargesprakande rom. Vi er komne inn i ei lita stavkyrkje, med all si overdådigheit av tømmerverk, fargar og rosemåling. Vi ser innover ein smal altergang. Midtstolpen står i vegen for oss, likevel blir blikket vårt leia mot alteret. Lyset som fell inn frå vindauget, skaper blikkfang.

Seks studiesomrar reiste Backer til den vesle og fjellbygda Uvdal, langt bort frå slekt, vener og kollegaer.

På denne tida var ikkje kyrkja i bruk. Backer lånte kyrkjerommet og gjorde det om til atelier.

Livet her oppe er ikkje enkelt for den urbane kunstnaren. Måleprosessen i kyrkja byr på utfordringar. Kyrkjerommet er kaldt, skeivt og falleferdig. Det flakkande dagslyset over det fargerike og rosemåla interiøret gir henne ei heilt ny utfordring.

Arbeidet er tidkrevjande, og modellane på staden blir sette på ei tolmodsprøve.

I eit brev skriv ho at ho er åleine og kjenner på einsemda som følgjer med slik isolasjon. Ho saknar samtalar med kollegaer, eller «civiliserede mennesker».  

I tillegg må ho lage måltida sine sjølv, noko ho ikkje er vand med.