Ved lampelys

Harriet Backer
306
2 min
Harriet Backer, «Ved lampelys», 1890
Foto: Børre Høstland

Transkripsjon

Forteljar:
Det er stille i rommet.

Ein kan nærast høyre knitringa frå omnen.

Ute er det vinter og mørkt.

Lyset kastar lange skuggar inn i rommet og blir reflekterte i spegelen.

På stolen ser vi refleksjonar frå den glødande varmen i omnen.

Den dunkle og stemningsfulle belysninga bidrar til å samle fargane i store, rolege flater.

Til høgre ser vi ein stor skugge på veggen. Kan det vere andre til stades i rommet?

I dette stemningsfulle måleriet blir vi inviterte med inn i ei enkel, blåmåla norsk stove på slutten av 1800-talet. Ved bordet sit ei ung kvinne fordjupa i ei bok i lyset frå ei parafinlampe. Den kjølige, blå høgresida blir balansert av dei varme, oransje fargane til høgre.

Backer budde nokre år i Sandvika i Bærum. Her fann ho fleire av motiva sine, blant anna dette blåfarga interiøret.

Då måleriet vart stilt ut på Haustutstillinga i 1890, hadde det tittelen Vinteraften, seinare vart det kalla Ved lampelys.