Lavendler

Harriet Backer
304
2 min
Harriet Backer, «Lavendler», 1914
Datering: 1914

Transkripsjon

Forteljar:
Ei kvinne sit i eit lite rom og spelar piano.

Ho spelar utan notar.

Ho er åleine i det dunkle rommet, som berre er svakt opplyst av det kalde lyset frå byen utanfor.

Tittelen Lavendler viser til den blå krukka på bordet til høgre. Loket er tatt av, og vi kan berre ane korleis lukta av lavendel fyller rommet.

Slike krukker vart gjerne kalla proprie (potpurri) eller stinkekrukker, og var meinte for sylta blomar som kunne fylle rommet med skjønne dufter.

Lukta og musikken er her stemningsskapande saman med dagslyset som strøymer inn vindauget. Saman gjer dei interiøret lunt og intimt, og bidrar til å fange Empirerommet i museumsbygningen Permanenten i Bergen.

På denne tida, mens Backer arbeidde på dette måleriet, fekk ho grå stær. Ein operasjon var nødvendig for å redde synet.

Augesjukdommen skapte vanskar for arbeidet med biletet – noko som kanskje kan sporast i dei utflytande fargefelta.

Backer insisterte likevel på at ho ville gjere ferdig biletet før ho lét seg operere.