Utstillingar på turné
Nasjonalmuseet er til for heile landet. Kvart år produserer vi utstillingar for turné som blir formidla til publikum i skular, galleri og museum i heile Noreg.
Gjennom samarbeid med ei rekke kunstforeiningar, kunstsenter, kulturhus og museum når Nasjonalmuseets utstillingar publikum over heile landet.
Nasjonalmuseets oppdrag er også å bidra til at born og unge får tilgang til eit profesjonelt kunst- og kulturtilbod. Utstillingsproduksjonar med visingar, aktivitetar og deltaking som er tilpassa skulen, blir tilbydd via Den kulturelle skolesekken i samarbeid med Kulturtanken.
Meir informasjon om dei aktuelle produksjonane finn du her: Utstillingar på turné til skular – Nasjonalmuseet