Nasjonalmuseets forskningsbibliotek og dokumentasjonsarkiv forvaltar ei omfattande samling kunsthistorisk litteratur og unike arkivalia knytt til norsk kunst, museets kunstsamling og institusjonshistorie. Kunstbiblioteket er åpent for alle, velkommen!
Dag | Åpningstider |
Mandag, tirsdag, torsdag og fredag | 10–18 |
Onsdag | 10–20 |
Lørdag og søndag | Stengt |
Stengt: Romjul og nyttår
Se kart over bibliotekets lokaler
Bibliotekets samling er knytt til sentrale forskingsområde og arbeidsfelt ved museet. Det inneheld bøker, utstillingskatalogar, kunstnarbøker, tidsskrift, auksjonskatalogar og oppslagsverk innanfor bildekunst, arkitektur, design, kunsthandverk og tilgrensande fagområde. Bibliotekets samlingar må nyttast på staden.
For bibliotekspørsmål, kontakt oss på:
biblioteket@nasjonalmuseet.no
Museets dokumentasjonsarkiv inneheld eit omfattande kunstnar- og samlingsarkiv, og arkiva etter dei tidlegare sjølvstendige musea som i dag utgjer Nasjonalmuseet. Samlingane består vidare av ulike foreinings- kunstnar- forskar- og bedriftsarkiv. Arkivet til Nasjonalgalleriet vart innlemma i lista over Norges Dokumentarv i desember 2022.
For arkivspørsmål, kontakt oss på:
dokumentasjonsarkivet@nasjonalmuseet.no
Videokunstarkivet er eit nasjonalt referansearkiv for videokunst frå 1960-talet og fram til i dag. Arkivet inneheld verksinformasjon, videofiler, m.m. som er knytt til norsk videokunst. Per september 2024 inneheld databasen rundt 6 450 verkstitlar, samt meir enn 1 600 kunstnarar (inkludert kunstnargrupper).
Dronning Mauds gate 2, 0250, Oslo
Tlf. nummer: 21 98 21 75
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design biblioteket
Postboks 2021 Vika
0125 OSLO
Om gåver til bibliotek og arkiv