Åsgårdsreien

  • Kunstner: Peter Nicolai Arbo
  • Datering: 1872
  • Betegnelse: Maleri

Utstilt i: Rom 049 Samlingspresentasjonen - Historie og mytologi

Om verket

Åsgårdsreia bestod av gjenferd og urolege døde sjeler, og ifølge norsk tradisjon var det helten Sigurd Fåvnesbane som leia an. Baktroppen vart danna av trollkjerringa Gyro Rysserova. Det var mykje trollskap ute og farta om nettene midtvinters. 

Peter Nikolai Arbos store måleri Åsgårdsreien har utgangspunktet sitt i norrøn mytologi, arkeologiske utgravingar og den nasjonalromantiske diktinga i samtida hans. Først og fremst Johan Sebastian Welhavens dikt med same tittel, der opningslinja lyder: «Lydt gjennem Luften i Natten farer et Tog paa skummende sorte Heste» (frå Nyere Digte, 1844).  

Trugande hordar 

Arbo var historieinteressert, og måla fleire versjonar av motivet. I akvarellen kjem følget rett imot oss, medan vi i måleriet ser det frå sida. Hordane som kjem trugande imot oss over ein dramatisk himmel, er detaljert skildra.  

«I Stormgang drage de vilde Skarer.  
de have kun Skyer til Fodefæste.  
Det gaaer over Dal, over Vang og Hei,  
gjennem Mulm og Veir; de endse det ei.  
Vandreren kaster sig ræd paa Veien.  
Hør hvilket Gny – det er Asgaardsreien!» 

Johan Sebastian Welhaven, 1844 

Norrøne gudar 

Over det aude, månebelyste landskapet vrimlar dei himmelske ryttarane fram, tett følgt av ramnane til Odin, den norrøne mytologiens hovudgud. Krigsguden Tor dundrar fram med heva hammar, han ropar til bukkane Tanngnjost og Tanngrisne som trekker vogna. Etter følget lyser det som i eld – kan det vere Helheim vi skimtar? 

«Da klinge Lurer, da er der en Støi  
af Bjælder og ringlende Ridetøi,  
da hyler Sværmen og Folket lytter  
med stigende Angst i de dirrende Hytter.»  

Johan Sebastian Welhaven, 1844 

Inspirert av romantikken 

Bildets dommedagsstemning og dramatiske komposisjon har fleire trekk frå romantikken: kontrasten mellom liv og død, lys og skugge, nær og fjern. 

Ein måtte halde seg unna 

Både Welhavens dikt og Arbos bilder skildrar åsgårdsreia som eit trugande og skremmande følge, og ifølge folketrua var det viktig å halde seg unna når åsgårdsreia for over himmelkvelvinga. 

Ordets opphav 

Det var 1800-talets nasjonalromantikarar, som begynte å ta i bruk ordet Åsgårdsreia. Det opphavelege ordet var Oskoreia. Språkforskar og diktar Ivar Aasen meinte at ordet oskoreia kom frå ofsleg og reida, eit skremmande, ridande følge. 

Kjelder: 

  • Nasjonalmuseet. Høydepunkter. Kunst fra antikken til 1945, 2014 
  • Marit I. Lange og Anne Berit Skaug, red. (1986). Peter Nicolai Arbo 1831–1892. Drammens museum. [Utstillingskatalog] 
  • allkunne.no 
  • lokalhistoriewiki.no   
  • wikipedia.no 

Kunstner/produsent

Peter Nicolai Arbo

Billedkunstner, Maler

Født 1831, død 1892

Verksinfo

Datering:
1872
Andre titler:
The wild Hunt of Odin (ENG)
Betegnelse:
Materiale og teknikk:
Olje på lerret
Teknikk:
Materiale:
Mål:
  • 166 x 240,5 cm
Emneord:
Klassifikasjon:
Motiv:
Ervervelse:
Kjøpt 1872
Inventarnr.:
NG.M.00258
Registreringsnivå:
Enkeltobjekt
Eier og samling:
Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Billedkunstsamlingene
Foto:
Børre Høstland/Lathion, Jacques

"Åsgårdsreien" relaterer til: