Munch 150
I 2013 feirar heile Noreg 150-årsjubileet for Edvard Munch (1863–1944), ein av dei viktigaste skikkelsane i moderne kunst.
Den største markeringa i jubileumsåret er utstillinga «Munch 150», som blir vist i Nasjonalmuseet og Munch-museet. Utstillinga er den mest ambisiøse presentasjonen av Munchs kunstnarskap nokosinne.
Med 220 måleri viser utstillinga det høgaste talet av Munchs hovudverk i vår tid. Høgdepunkt er nesten komplette rekonstruksjonar av Livsfrisen (1902) og Reinhardt-frisen (1906–1907).
Ein av ambisjonane til utstillinga er å motivere publikum til å oppdage «sin eigen Munch» som ein kontinuerleg eksperimenterande, nyskapende og aktuell kunstnar.
Takk til jubileets støttespelarar:
Statkraft, Sparebankstiftelsen DnB NOR,
Idemitsu Petroleum Norge og Flytoget.