Utstillinger og aktiviteter

Utstillinger i utlandet

Kristin Jarmund Architects. Selected Works

Utstillinga viser ti av Kristin Jarmunds viktigaste prosjekt. Dei spenner frå små interiør til store kontorbygg, i hovudsak fotografert av Per Maning.

Fra utstillingen i Nasjonalmuseet – Arkitektur 

I løpet av dei tjue åra som har gått sidan debuten, har Kristin Jarmund stått for ein omfattande og vidtrekkande produksjon av høg kvalitet – frå gjennomarbeidde interiør, som den vesle glaskiosken i Nasjonalgalleriets restaurant, til det store kontorbygget for Bertel O. Steen på Sogn i Oslo. Jarmunds skulebygningar har vore banebrytande, og hennar urbane bygningar på Tjuvholmen og i Stortingsgata har fått mykje merksemd. Hennar ferskaste prosjekt er Den norske ambassaden i Kathmandu, som vart offisielt opna 18. august 2008.

Prosjekta

som visast i utstillinga er; Fyrstikkterrassen, Justervesenet, Råholt skole, Benterud skole, Stortingsgata 6, Skattens hus Sandvika, Eitzen Groups hovudkvarter på Tjuvholmen, Nydalen T-banestasjon, Nasjonalgalleriets kafé og Den norske ambassaden i Kathmandu. Ved sidan av fotografi, visast enkelte teikningar og ei rekkje materialprøver knytt direkte til prosjekta, og to modellar.

Monografi

Samtidig med utstillinga i Oslo lanserte Pax Forlag monografien "Kristin Jarmund" i serien Norske Arkitekter. Boka inneheld, ved sidan av mange av fotografia frå utstillinga, ein brei presentasjon av arkitekten sine andre prosjekt, og essays av den etablerte Columbia-professoren Kenneth Frampton og av Arkitektnytt-redaktør Bente Sand.

Kristin Jarmund

(f. 1954) er utdanna ved NTH i Trondheim og ved Architectural Association (AA) i London. Ho har vore leiar av Rådet for byarkitektur i Oslo kommune, er mottakar av fleire prisar for arkitektur og har vunne ei rekkje arkitektkonkurransar. Jarmund er medlem i Norske Arkitekters Landsforbund (NAL), Norske Interiørarkitekters og Møbeldesigneres Landsforening (NIL). Kontoret Kristin Jarmund Arkitekter AS vart etablert i 1985 og består av både arkitektar og interiørarkitektar.

Kurator for utstillinga: Paul Amble / Kristin Jarmund Architects
Design av utstillinga: Kristin Jarmunde Architects
Prosjektleiar for vandringa: Eva Madshus
Utstillinga er finansiert av Utanriksdepartementet

Visingsstader:

2011
15.01.–13.02.: Italia, Foligno, Palazzo Trinci

2010
19.01.–17.02.: Russland, Moskva, Proekt_Fabrika
27.02.–28.03.: Russland, St. Petersburg, Etnografisk museum
05.05.–02.06.: Belgia, Brussel, Boudeweij-bygningen
19.06.–15.08.: Nederland, Groningen, Dienst Ruimtelijke Ordening en Economische Zaken
04.09.–17.10.: Danmark, København, Kunstakademiets arkitektskole
04.11.–28.11.: Italia, Ancona, Mole Vanvitelliana

2009
16.03.–12.04.: Mexico, Mexico City, UNAM
27.04.–24.05.: Mexico, Monterrey, University of Monterray
20.06.–20.09.: USA,Washington DC, Catholic University
26.10.–16.11.: Canada, Montreal, McGill University

2008
16.12.–16.01.09: Spania, Sevilla, FIDAS