Utstillinger og aktiviteter

Utstillinger i utlandet

Contemporary Norwegian Architecture # 7

Utstillinga si første vising var på arkitekturbiennalen i São Paulo.

I november 2011 opna den niande arkitekturbiennalen i São Paulo. Noregs bidrag var Nasjonalmuseet si utstilling Contemporary Norwegian Architecture #7 (valt ut av biennalens hovudkurator). Deltakinga ved biennalen understrekar den store internasjonale interessa for norsk arkitektur.

Contemporary Norwegian Architecture #7 presenterer kvalitetar i enkeltverk og peikar på utviklingstrekk med samfunnsmessig betydning. Utvalet spenner frå den vesle rasteplassen og private bustader til komplekse byggeoppgåver. Ved bruk av ulike presentasjonsformer og nye medium viser utstillinga eit sammensett bilete av norsk arkitektur, realisert dei siste fem åra i Noreg og i utlandet.

Visingsstader

2014
23.01.–22.03.: Romania, București, The National Museum of Contemporary Art (MNAC)
25.04.–23.05.: Portugal, Coimbra, Universidade de Coimbra (UC)
Hausten 2014 blir den vist i Kina

2013
23.01.–10.03.: Hellas, Aten, The new Benaki Museum
04.04.–26.04.: Kypros, Nikosia, University of Nicosia, Architecture Research
Center (ARC)
13.09.–06.11.: Tyskland, Berlin, Felleshuset, The Nordic Embassies
22.11.–15.12.: Bulgaria, Sofia, Sofia Arsenal – Museum for Contemporary Art

2012
05.01.–15.01.: Cuba, Havana, Basilica Menor de Francisco de Asis  
13.02.–01.04.: Polen, Krakow, International Cultural Centre (ICC)
26.04.-13.05.: Kroatia, Zagreb, Gliptoteka HAZU
28.06.-26.08.: Tsjekkia, Praha, Galerie Jaroslava Fragnera          
06.09.–21.10.: Nederland, Haarlem, ABC – Architectuurcentrum
06.11.–25.11.: Slovakia, Bratislava, Design Factory

2011
01.11.–04.12.: Brasil, São Paulo, Arkitekturbiennalen


Utstillinga er produsert i samarbeid med Utanriksdepartementet.