Horisont. Landskap, keramikk og trykkdekor

14. juni 2013–27. april 2014

Kunstindustrimuseet

Utstillinga presenterer ei visuell forteljing om vandringa til landskapsbilde og mønster gjennom forskjellige medium til dei endar som motiv på bordservise i blått, svart, rosa og kvitt. Mellom museet si samling av eldre fat og tallerkenar, m.a. frå Egersund, Rörstrand, Spode og Arabia, finn ein stikk og litografi saman med verk av samtidskunstnarar som tek i bruk landskapsmotiva på ein ny måte.

Utstillinga tek oss med på ei reise gjennom kulturar, politikk, geografi og historie. Vi inviterer publikum til å sjå museets samling på ein ny måte i ei samansmelting mellom horisontane til historien og samtida.  

Deltakande kunstnarar:

  • Stephen Bird (Australia)
  • Stephen Bowers (Australia)
  • Robert Dawson (UK)
  • Leopold Foulem (Canada)
  • Maria Geszler (Ungarn)
  • Trine Hovden (Norge)
  • Garth Johnson (USA)
  • Felix Hug (Sveits)
  • Laura McKibbon (Canada)
  • Carol McNicoll (UK)
  • Paul Scott (UK)
  • Richard Shaw (USA)
  • Caroline Slotte (Finland)
  • Anne Line Sund (Norge)
  • Marit Tingleff (Norge)
  • Gerry Wedd (Australia)
  • Magdalena Gerber (Sveits)

Kuratorar: Paul Scott i samarbeid med Inger Helene Stemshaug og Knut Astrup Bull (Nasjonalmuseet)