Fra biblioteket: Kjartan Fløgstad om reiser i arkitekturen

28. november 2017
19:00–20:00

Villa Stenersen
Fullbooket

Med utgangspunkt i si siste bok «Trans-Sovjet ekspress» fortel Kjartan Fløgstad om reiser i arkitekturen i dagens Russland og den tidlegare Austblokka.

I 40 år har Fløgstad reist i Russland. Frå Sibir til Austersjøen og frå Svartehavet til Kolahalvøya har han sett stadig nye sider av eit forunderleg naboland. No har han reist austover på ny – 100 år etter den store revolusjonen. Fløgstad har oppsøkt restane av Sovjetunionen slik det ser ut i dag – arkitektur, byplanar og monument, både revolusjonære ruinar og fråflytta luftslott, utopiar og mareritt. Både i dagens Russland og i andre delar av den tidlegare Austblokka spør Fløgstad kva som står igjen av dette korte hundreåret med sovjetsosialisme. Og ikkje minst: Kva betyr desse minna i dag? I mur, glas, stål, betong og laminat er ein særegen arv framleis med oss, rett over grensa til vårt største naboland mot aust, som minne om draumen om eit anna samfunn. Dette er òg ei personleg reise gjennom fem tiår av historia til vårt store naboland i aust.

I forordet til «Trans-Sovjet ekspress» skriv Fløgstad: «Eg har vore forfattar og delegat i Moskva, Tallinn, Jerevan, og i Syftikar, hovudstaden i Komi-republikken. Eg har bada i Pitsunda ved Svartehavet. I Norilsk i Nord-Sibir har eg ræppa om E 76 over Haukelifjell på kulturpalasset med 42 grader minus utanfor vindaugo. Eg har drukke kvas frå tankbil og vodka av flaska.»

Kjartan Fløgstad har skrive tjue romanar og ei lang rekke essaysamlingar, dikt, skodespel og biografiar. Han har mellom anna fått Aschehougprisen, Nordisk Råds litteraturpris, Kritikerprisen, Noregs Mållags pris, Brageprisen og Gyldendalprisen.

Arrangementet er gratis. Velkomen!

Ankomst:

T-bane linje 2 eller 5 (Avløs eller Østerås) til Borgen stasjon. Tuengen allé er første/nærmeste vei som krysser Sørkedalsveien. Det tar ca. 10 min. å gå fra stasjonen til villaen.

Eventuelle besøkende med bil har dessverre ikke anledning til å kjøre inn eller parkere på eiendommen, men må stoppe/parkere i Tuengen allé.

Åpningstider:

Villa Stenersen er åpen fra kl. 18.00–21.00 de dagene det er «Fra biblioteket».

Villaen er ellers i perioden 1. mai til 31. oktober åpen for publikum hver søndag kl. 12.00–16.00, og på bestilling der man betaler for inngang.

Arrangementer 46 58 ./9Swp1O2b.ips no/utstillinger_og_aktiviteter/arrangementer/ MenyplasseringHovedmeny Overstyr URL#activities Dette er en aktivitetsrotmappetrue 2

Relatert innhold