marislaattelid.jpg
Mari Slaattelid. Foto: Guri Dahl

Mari Slaattelid: Cy Twombly og maleriet som ein lat tanke

28. september 2017
17:00–18:00

Nasjonalgalleriet

«’Han må bu i eit palass, men i eit dårleg nabolag’, slik karakteriserer ein ven Cy Twombly og dei estetiske preferansane hans. Han blir husherre i eit 1700-talspalass i Via Monserrato, eit par steinkast frå Tibern, så fasjonabelt forfallent som det kan bli og så nær dei romerske indre gemakkar ein amerikanar kan komme. Palasset blir renovert for det unge paret og han kan male seg frå sal til sal og vere pittore moderno i kulisser han kanskje har drøymt om. Som ung og sjølvmedviten amerikanar er han eit funn for den romerske kultureliten. Venene hans, Robert Rauschenberg og Jasper Johns, er i ferd med å setje dagsorden i amerikansk kunst, og Cy Twombly blir eit bindeledd til kunstmetropolen New York, som akkurat no definerer kva som er gjeldande smak i moderne maleri. Kontaktane hans gjorde at Galleria La Tartaruga frå 1959 og dei neste par åra, kunne stille ut fylgjande A-lag: Rothko, Pollock, de Kooning, Kline, Rauschenberg og han sjølv, seinare også Warhol og Sam Francis.»

Mari Slaattelid har skrive ein uvanleg tekst om den amerikanske kunstnaren Cy Twombly, som blir framført i forbindelse med utstillinga «Rastløse gester: Verk fra Hubert Loosers samling».

Slaattelid har sidan 90-talet vore ein av Noregs mest markante kunstnarar, og ho vart i 2000 tildelt Carnegie Art Award. Bak seg har ho ei rekkje separat- og gruppeutstillingar i Noreg og Norden. Ho er innkjøpt avLouisiana Museum of Modern Art, Malmö Konstmuseum, SMK - Statens Museum for Kunst, Kiasma, KODE Kunstmuseer og komponisthjem og Nasjonalmuseet.

Gratis adgang. Velkommen!

 

Arrangementer 46 58 ./9Swp1O2b.ips no/utstillinger_og_aktiviteter/arrangementer/ MenyplasseringHovedmeny Overstyr URL#activities Dette er en aktivitetsrotmappetrue 2

Relatert innhold