Utstillinger og aktiviteter

Aktiviteter

Velkomen til Nasjonalgalleriet

Studiesalen

Eit besøk i studiesalen i Nasjonalgalleriet gir ei unik mulegheit til å studere teikning og grafikk frå Nasjonalmuseet si samling på nært hald. Norske eventyrteikningar og grafikk av internasjonale storleikar som Goya og Picasso er nokre av godbitane ein kan sjå. Studiesalsrettleiar formidler kunnskap om dei enkelte kunstverka og om ulike teikne- og grafikkteknikkar.

Atelier

Omvisingar kan kombinerast med aktivitetar i ateliereret i Nasjonalgalleriet. Besøket begynner i ei utstilling der vi ser på og samtalar om utvalde verk. Etterpå blir inntrykka bearbeidde praktisk i atelieret. Omvising med atelier tek ca. 1,5–2 timar og tilpassast alle aldersgrupper.

Atelieret i Nasjonalgalleriet er utrusta med mykje av det vi forbind med eit tradisjonelt kunstnaratelier; oljemåling, leire, grafikkreiskapar og ulike teiknemateriell.

Sjå meir om atelier i tilknytning til utstillinga Munch 150.