Utstillinger og aktiviteter

Aktiviteter

Familieomvisingar

Vi ønskjer born og vaksne velkomen til familieomvising med atelier.

På søndagar kan born og vaksne vere med på omvisingar i utstillingane våre. Omvisingane vekslar mellom våre fire visingsstader i Oslo, med forskjellige tema frå gong til gong.

Formidlarane våre tek publikum med på ei innhaldsrik runde der vi ser på kunstverka og samtalar rundt dei.

Kvar av visingsstadene våre har eigne atelier med ulike verkstadstilbod og aktivitetar. Inspirert av det vi har sett, samlast vi her etter omvisinga og slepp kreativiteten laus.

Sjå arrangementskalenderen vår for ei oversikt over komande familieomvisingar.