NMK.2005.0365_Tidemann.jpg
Adolph Tidemand, «Haugianerne», 1852–1852. Nasjonalmuseet

Kunstsamlinga

Hovudvekta i samlinga av eldre kunst ligg på norsk måleri og skulptur frå 1800-talet. Museet har også ei omfattande norsk og utanlandsk samling av teikningar og grafikk.

Edvard Munchs Skrik og andre av dei mest sentrale verka hans er blant høgdepunkta i samlinga. Andre sentrale kunstnarar er J.C. Dahl, Adolph Tidemand, Hans Gude, Harriet Backer og Christian Krohg.

Samlingane frå det 20. hundreåret viser utviklinga i norsk biletkunst med referansar og nøkkelverk frå nordisk og utanlandsk kunst innanfor måleri, skulptur, foto, video og andre uttrykk. Sentralt i samlinga av internasjonal samtidskunst er Ilya Kabakovs faste installasjon Mannen som aldri kastet noe (1988–1995).