OK-02862_Baldisholteppet.jpg
Baldisholteppet, ukjent kunstner, 1040–1190. Nasjonalmuseet

Samlinga av design og kunsthandverk

Samlinga av design og kunsthandverk spenner frå greske vasar frå antikken og austasiatiske kunstgjenstandar til europeisk stilhistorie. Ho omfattar drakt, mote og tekstil, møblar, sølv, glas, keramikk, design og kunsthandverk.

Design- og kunsthandverksrørslene mot slutten av 1800-talet markerte byrjinga på den moderne designhistoria. Det unike Baldisholteppet frå 1100-talet, den kongelege draktsamlinga, Nøstetangen Glass, norsk sølv og Herrebøe-fajansen er blant høgdepunkta i samlinga.

Design- og kunsthandverksamlinga vart stilt ut i Kunstindustrimuseet inntil 16. oktober 2016. Førebuingane til åpninga av det nye Nasjonalmuseet er i full gang. Samlinga skal forsvarleg pakkast og vert etter kvart flytta til det nye museet, der den vil komme til live i heilt nye samanhengar, i samspel med eldre kunst, arkitektur og samtidskunst.