Arkitektursamlinga

Nasjonalmuseet har Noregs viktigaste arkitektursamling med meir enn 300 000 artefaktar daterte frå 1830-åra til i dag. Samlingane klargjer og dokumenterer ulike aspekt av arkitektonisk kultur, og er hovudsakleg bygde opp av private arkitektarkiv eller fragment av arkiv. Desse spenner over ein stor variasjon av materiale og medium: arkitektoniske teikningar, fotografi, modellar, konseptuelle studiar, skissebøker, korrespondanse og ephemera.

Tyngdepunktet i samlinga er 1900-talet, og vesentlege namn i norsk arkitekturhistorie som Ove Bang, Blakstad & Munthe-Kaas, Jan & Jon, Knut Knutsen, Arne Korsmo, Christian Norberg-Schulz, Magnus Poulsson og Erling Viksjø er godt representerte. Pritzker-prisvinnar Sverre Fehns arkiv er eit av høgdepunkta i samlinga.