Samlinger og forskning

Forskning

Forsking og forskingsførebuande arbeid

Forskinga skal ivareta heile det kunsthistoriske feltet som utgjer Nasjonalmuseet sitt ansvarsområde. Ny kunnskap skal bli generert og formidla om samlingane, norsk kunst, arkitektur og design, norske kunstnarar, arkitektar og designarar, og om museets verksemd og historie. Å sette det norske i ein internasjonal kontekst er eit særleg ansvar for museet. Overordna målsetjing inkluderer i tillegg vedlikehald og utvikling av eksisterande fagfelt og individuell kompetanse, utvikling av kompetanse på nye fagfelt og å opne for nye, tverrfaglege perspektiv.

Forskinga er handlingsrettleiande ved at ho representerer ein kunnskapsproduksjon som støtter opp under dei konkrete oppgåvene museet har. Forsking er lagt til følgjande stillingar i Nasjonalmuseet: kurator, seniorkurator, konservator, seniorforskar og forskingskoordinator.

Forskingsførebuande verksemd

Nasjonalmuseet utfører også ei betydeleg forskingsførebuande verksemd. Innsamling og generering av alle typar dokumentasjon til institusjonsarkiv, samlingsarkiv, kunstnararkiv og bibliotek er grunnleggjande for forskingsaktiviteten ved museet, samtidig som det er eit tilbod til eksterne forskarar og studentar.

Kunsthistoriske og materialtekniske undersøkingar i tilknyting til konservering og restaurering av ulike typar verk, er døme på ei type dokumentasjonsinnsamling som konservatorane gjer. Delar av dette arbeidet krev vitskapeleg kompetanse og det dannar grunnlag for forsking og ulike typar rettleiing både i eigen og andre institusjonar.

Organisasjonsmessig forankring

Museets forskningsutval har som oppgåve å formulere forslag til forskingspolicy og handlingsplan, behandle søknader om forskingsprosjekt og å førebu saker for Nasjonalmuseets programkomité. Policy for forskinga vart vedteke i museet sitt styre i 2006. Forskingsutvalet ved museet har følgjande medlemmar:

Audun Eckhoff, direktør
Turid Aakhus, seksjonsleder bibliotek, arkiv og forskning
Nils Ohlsen, avdelingsdirektør for eldre og moderne kunst
Nina Berre, avdelingsdirektør for arkitektur
Widar Halén, avdelingsdirektør for design og kunsthandverk
Françoise Hanssen-Bauer, avdelingsdirektør for samlingsforvaltning
Per-Odd Bakke, avdelingsdirektør for landsdekkjande formidling
Birgitte Sauge, forskingskoordinator og leiar for utvalet