NG.M.01594.jpg
Christian Krohg, «Nordenvind», 1887. Foto: Anne Hansteen Jarre / Nasjonalmuseet

Utlån

Nasjonalmuseet låner årleg ut ei rekkje verk frå samlingane til utstillingar i inn- og utland. Det er også deponert verk frå museet i statlege bygg i inn- og utland.

Utlån er viktig for å presentere norsk kunst og å markere Nasjonalmuseet som institusjon i Noreg og i utlandet. Utlån blir innvilga ut frå vurderingar med omsyn til trygging, konserveringstilstand, m.m.

Førespurnader om lån skal gjerast skriftleg seinast 6 månader før utstillinga begynner. For å gjera saksbehandlinga enklare, skal førespurnaden innehalde:

  • liste over ønska kunstverk (kunstnar, tittel, teknikk, mål, inventarnr.)
  • utstillingsperiode og tittel
  • skildring av utstillingskonseptet
  • grunngjeving for søknaden

Verkslister kan også sendast digitalt med søknaden.

Klima- og tryggingstilhøve

Det er ønskeleg at det med søknaden blir lagt ved ein standard klima- og sikkerheitsrapport (fasilitetsrapport) eller at den blir sendt som e-post til saksarkiv@nasjonalmuseet.no.

Reduksjon av utlån

Nasjonalmuseets nye museumsbygg på Vestbanen vil opne hausten 2020. Arbeidet med å førebu innflyttinga i det nye museet representerer den største utfordringa i historia til Nasjonalmuseet, og krev ekstraordinær innsats.

Eit av dei mange områda som krev stor innsats frå tilsette er revisjon, dokumentasjon og konservering av samlingane, slik at samlinga er klargjord til flytting. Dette arbeidet krev dei same ressursane som normalt blir brukt til utlåns- og depositaverksemd, dvs. konservering, logistikk, dokumentasjon og administrasjon.

Vi ser oss difor nøydde til å redusere vår utlåns- og depositaverksemd sterkt i åra fram til opning på Vestbanen.

Den ordinære lånebehandlinga blir tatt opp igjen 1.7.2020, for utlån til utstillingar f.o.m. 1. januar 2021, i samsvar med seksmånadersfristen.

Vi beklager ulempene dette kan forårsake, og håper på forståing for denne spesielle situasjonen.