Den franske sal

Den franske sal er stengd.

Nasjonalgalleriet er mellombels stengd, i samband med flyttinga til det nye Nasjonalmuseet som opnar i 2020. Nasjonalgalleriet skal også i framtida vere ein del av Nasjonalmuseet og brukast til visning av kunst.

Interiør

Den franske sal vart teikna av Arnstein Arneberg i 1924 og komplettert med interiør designa av Kristin Jarmund Arkitekter i 2002. Den franske sal er med sin blankpolerte stukkmarmor og forgylte detaljar eit av Nasjonalgalleriets mest overdådige rom. Salen fekk namn og arkitektonisk utformning etter det som skulle bli vist: Ei omfattande samling gipskopiar av fransk 1600- og 1700-talsskulpturar, som var ei gåve frå den franske staten. Originalane finst i Louvre, og kopiane vart støypte på Louvre sitt eige gipsstøyperi.

Arkitekt Arnstein Arneberg fekk oppdraget og smykka ut salen med stukkmarmorerte veggar, handskorne, forgylte radiatorskjermar med franske liljer og ekte eikeparkett. Stukkmarmoren, som ikkje er marmor, men malt og polert gips, vart laga av gipsmakaren Giovanni De Paolis.

I byrjinga av 1960-åra blei rommet bygd om til utstillingssal for antikk skulptur, og etter det til kontor. I 2002 vart salen ført tilbake til si opprinnelege prakt, men gitt eit nytt innhald. Arkitekt for den nye innreiinga har vore Kristin Jarmund Arkitekter.

Relieffa som blei monterte inn i veggane, er ein del av den franske gåva: Kvinnefigurane høyrde opprinnelig til Jean Goujons La fontaine des innocents (Dei uskyldige si fontene), ført opp i Paris i 1547, og seinare overført til Louvre. Bystene i vindauga viser (frå venstre): målaren og museumsdirektøren Pierre Mignard av Desjardin, Marie Antoinette av Lecomte og Le grand Condé av Coysevox.

Nasjonalgalleriet

Universitetsgata 13, Oslo

Åpningstider
Den Franske Sal har stengt 

Butikker og kafeer 113 60 ./b7ySFRfIZC.ips no/nasjonalmuseet/butikker_og_kafeer/ MenyplasseringHovedmeny 2

Arrangementer