Museet for samtidskunst

Museet for samtidskunst viser skiftande utstillingar av både innlånte verk og verk frå eiga samling.

Publikum kan sjå fem faste installasjonar: skulpturen «Shaft» av Richard Serra, Per Inge Bjørlos «Indre rom V», Ilya Kabakovs «Søppelmannen – mannen som aldri kastet noe», Marianne Heiers «Promesse de bonheur», og gallerirom vigd til Louise Bourgeois.

Samlinga

Nasjonalmuseets samtidskunstsamling består av ca. 5 000 norske og utanlandske verk frå perioden etter 1945. Samlinga spenner over eit breitt spekter av sjangrar og uttrykksformer; måleri, grafikk, teikning, fotografi, skulptur, objekt, installasjon og video.

Museet opna for publikum i 1990, med sentral plassering på Bankplassen i Oslo, i det som før var Noregs Banks lokale. Den vakre jugendstilinspirerte bygningen i norsk granitt og marmor stod ferdig i 1906. Arkitekten var Ingvar Magnus Olsen Hjorth (1862–1927). Museet har rundt 2 000 m2 utstillingsareal over to etasjar, med den store Banksalen i 1. etasje som eit hovudfokus. I 2003 blei museet ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Faste installasjonar

Av dei faste installasjonane i museet inngår to gallerirom vigde til ein av dei mest respekterte kunstnarane i vår tid, fransk-amerikanske Louise Bourgeois (1911–2010). Ho blei inspirert av nesten alle avantgarderørslene frå det 20. hundreåret, men bevarte ein genuin personleg stil i den uredde behandlinga si av store psykoanalytiske tema som familierelasjonar, seksualitet og menneskelege kjensler som angst, sjalusi, einsemd og sorg.

 

Adresse: Bankplassen 4, Oslo

Trikk: 12, 13, 19 til Kongens gate
T-bane: Stortinget stasjon. Alle linjer stopper her
Buss: 60 til Bankplassen, 30, 31 til Kongens gate, 32 til Dronningens gate

Åpningstider

Mandag: Stengt
Tirsdag: 11.00–17.00
Onsdag: 11.00–17.00
Torsdag: 11.00–19.00
Fredag: 11.00–17.00
Lørdag: 12.00–17.00
Søndag: 12.00–17.00


Billettpriser

Voksne: 50 kr
Stud./pensj./honnør: 30 kr
Kunststudenter med gyldig studentbevis:
(Kunst, design, arkitektur og kunsthistorie)
Gratis
Barn/unge under 18: Gratis
Søndager: Gratis for alle

Billetten gjelder for én dag og gir adgang til Nasjonalgalleriet, Museet for samtidskunst, Nasjonalmuseet - Arkitektur og Kunstindustrimuseet.


Tilgjengelighet

Inngang for publikum som bruker rullestol ved personalinngang (Kirkegata). Kontakt vakt i resepsjonen.

Utfyllende informasjon om tilgjengeligheten i bygningen finnes på www.byggforalle.no