Kunstindustrimuseet

I Kunstindustrimuseet kan du sjå skiftande utstillingar og dei faste utstillingane «Design og kunsthåndverk 1905–2005», «STIL 1100–1905», «Draktgalleriene» og «Studiesamlinger for glass og keramikk».

Sjå skattane i samlinga før dei blir pakka ned!

Førebuingane til opninga av det nye Nasjonalmuseet i 2020 er i full gong. Allereie 27. mars 2016 stenger vi nokre av dei faste utstillingane i Kunstindustrimuseet.

Ikkje gå glipp av siste sjanse til å sjå skattane i samlinga før dei blir pakka ned!

Vi har ekstraomvisingar i utstillinga «Stil 1100–1905», som viser norsk og europeisk stilhistorie.

I tillegg har vi omvisingar i «Den kongelige draktsamling», «Motedrakter fra 1700-tallet til 2000» og haute couture-samlinga frå Per Spooks motehus (1977–95)

Samlinga

Samlinga spenner frå greske vasar frå antikken og austasiatiske kunstgjenstandar til europeisk stilhistorie. Ho består av ca. 35 000 gjenstandar og omfattar drakt, mote og tekstil, møblar, sølv, glas, keramikk, design og kunsthandverk. Baldisholteppet frå 1100-talet, den kongelege draktsamlinga, Nøstetangen Glass og Herrebøe-fajansen er blant høgdepunkta.

Historikk

Museet blei stifta i 1876. Det er eit av dei eldste musea i Noreg og blant Europas eldste kunstindustrimuseum. I 1904 flytta museet inn i den bygningen det er i i dag, teikna av Bredo Greve (1871–1931) og Ingvar Magnus Olsen Hjorth (1862–1927). I 2003 blei museet ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Faste utstillingar:

«Design og kunsthåndverk 1905–2005»
«STIL 1100–1905» 
«Draktgalleriene» 
«Studiesamlinger for glas og keramikk»

 Adresse: St. Olavsgate 1, Oslo

Trikk: Linje 11, 17, 18 til Tinghuset
Buss: Rute 37 til Nordahl Bruns gate

 Åpningstider

Mandag: stengt
Tirsdag: 11.00–17.00
Onsdag: 11.00–17.00
Torsdag: 11.00–19.00
Fredag: 11.00–17.00
Lørdag: 12.00–16.00
Søndag: 12.00–16.00

 Billettpriser

 Tilgjengelighet

Inngang for publikum som bruker rullestol ved personalinngang (til venstre for hovedinngangen). Storsalen er dessverre ikke tilrettelagt for adkomst med rullestol.