Ark Studiesalen-4.jpg

Studiesalen i Nasjonalmuseet – Arkitektur

Arkitektursamlinga består av ulike samlingar og typer dokumentasjon over norsk arkitektur, med hovudvekt på det 20. hundreåret.

Studiesalen på Nasjonalmuseet – Arkitektur er stengt fra midten av mai til starten av september 2017 grunnet rehabilitering i magasinene.

Arkitektursamlinga er tilgjengeleg for studentar, forskarar og andre interesserte i museets studiesal. Bestilling av materiale frå samlinga må gjerast tre verkedagar i forkant av besøket. Materialet er tilgjengeleg i opningstida til studiesalen.

Norsk Arkitekturmuseum vart oppretta av Norske Arkitekters Landsforbund (NAL) i 1975, og arkitektursamlinga går tilbake til dette året. Samlinga inneheld hovudsakleg private arkitektarkiv, men også mykje anna: ei stor fotosamling, gjenstandar, modellar og ulike typar dokumentasjonsmateriale. Dei fleste teikingane er frå 1900-talet, og samlinga har eit tyngdepunkt i mellomkrigstida.

Svært mange norske arkitektar er representerte. I tillegg til dei meir fullstendige arkiva inneheld den også fragment av arkiv, eller berre eitt enkelt prosjekt frå ein bestemt arkitekt. Eit typisk arkiv inneheld fleire typar materiale. Hovuddelen er som regel teikningane, men også dokument som korrespondanse med byggherrane utgjer ein stor del. Mange arkiv omfattar også dokument som ikkje relaterer seg til noko bestemt prosjekt, men meir til arkitekten sin biografi elles. Det er også vanleg at arkiva inneheld fotografi. Som regel er desse av eigne arbeid, men kan også dokumentere prosjekta til andre arkitektar.

 

Åpningstider

Åpent etter avtale onsdag og torsdag 12.00–16.00. 

Sommertid fra 15. mai–15. september: Åpent etter avtale onsdag og torsdag 12.00–15.00.

Stengt fra midten av mai til starten av september 2017.
 

Kontaktinformasjon

Besøksadresse: Nasjonalmuseet – Arkitektur (2. etasje), Bankplassen 3
Postadresse: Pb. 7014 St. Olavs plass
0130 Oslo 
E-post: studiesalen.ark@nasjonalmuseet.no
   

Avtale om bruk av arkitektursamlingene