Nasjonalmuseet – Arkitektur

I Nasjonalmuseet – Arkitektur presenterer museet skiftande utstillingar som spenner frå samtidsarkitektur til historiske tema, og den faste utstillinga «Boligideer».

Nasjonalmuseet – Arkitektur opna i 2008. Museumsbygningen er ei samanstilling av klassisistisk og modernistisk arkitektur, eit møte mellom Sverre Fehn (1924–2009) og Christian Heinrich Grosch (1801–1865), dei to viktigaste arkitektane frå 1800-talet og vår tid. Hovudbygningen blei teikna av Grosch og stod ferdig i 1830 som avdelingskontor for Noregs Bank. Han er ombygd og bygd til av Fehn, som i 1997 vann den prestisjefylte Pritzker-prisen.

Nasjonalmuseet – Arkitektur blir værande i sine lokale på Bankplassen 3, samtidig som arkitektur også blir representert i det nye Nasjonalmuseet, både i skiftande utstillingar og den faste samlingsutstillinga.

Samlinga

Arkitektursamlinga omfattar teikningar og fotografi, i tillegg til modellar og gjenstandar. I 2003 blei museet ein del av Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design.

Fast utstilling

Den faste utstillinga «Boligideer» viser modellar, teikningar og fotografi frå samlinga og gir innsikt i moderne norsk bolighistorie.

Korleis har ideal om boligkvalitet endra seg frå tida omkring 1920 til i dag? Utstillinga viser norske arkitektar som utforskar nye buformer og byplanidear i boligprosjekt.

UTESTEMME

Landskapsarkitektutdanninga på Ås er 100 år i 2019. Dette markerast med utstillinga UTESTEMME.

Visste du at vi i Noreg var dei første i Europa som utdanna landskapsarkitektar? Har du tenkt på at uterom som hagar, parkar, byrom og kyrkjegardar er formgitt og planlagd av nokon?

Utstillinga UTESTEMME står frå 8. februar til 1. september 2019.

Utstillingsprogrammet inneheld omvisning kvar søndag, fleire foredrag, familiesøndagar, workshops og vandringar.

 Adresse: Bankplassen 3, Oslo

Trikk: 12, 13, 19 til Kongens gate
T-bane: Stortinget stasjon. Alle linjer stopper her
Buss: 60 til Bankplassen, 30, 31 til Kongens gate, 32 til Dronningens gate

 Åpningstider

Mandag: Stengt
Tirsdag: 11.00–17.00
Onsdag: 11.00–17.00
Torsdag: 11.00–19.00
Fredag: 11.00–17.00
Lørdag: 12.00–17.00
Søndag: 12.00–17.00

 Billettpriser

Inngang for rullestol

Det er trapp til hovedinngangen. Ved siden av trappen er det skiltet til sideinngang på baksiden. Sideinngang er trinnfri med adgangskontroll, og besøkende blir fulgt inn i bygget. Det er heis til alle etasjene.

Utfyllende informasjon om tilgjengeligheten i bygningen finnes på www.byggforalle.no

Les mer om tilgjengelighet i Nasjonalmuseets visningssteder.