Brosjyre-04.jpg

Studiesalen i Nasjonalgalleriet

Samlinga av grafikk og teikningar er tilgjengeleg for alle. Besøk studiesalen i Nasjonalgalleriet og sjå grafikk og teikningar på nært hald.

Kunstverka blir henta fram på førespurnad. Du treng ingen førehandsavtale. I tillegg til individuelle besøkande kan grupper bestille tid for besøk og undervisning.

Nasjonalmuseet har ei innhaldsrik samling av grafikk og teikningar (tidlegare Koparstikk- og handteikningsamlinga). Totalt omfattar samlinga nær 50 000 grafiske blad og teikningar. Samlinga blei etablert som ei privat stifting i 1877. Heilt frå byrjinga har ein samla både historisk og samtidig grafikk og teikning, slik at samlinga i dag har eit historisk spenn på fem hundre år.

I løpet av åra er det blitt laga fleire temporære utstillingar – først og fremst baserte på samlinga, men også kombinerte med innlån frå samtidige kunstnarar og andre museum. I Nasjonalmuseets nybygg på Vestbanen vil denne utstillingsverksemda bli ført vidare.

Åpningstider 

15. mai–14. september:

Onsdag til fredag: 10.00–11.45 og 12.30–15.00

Juli stengt

15. september–14. mai:

Onsdag til fredag: 10.00–11.45 og 12.30–16.00



Kontaktinformasjon

Tlf. +47 45 96 26 44
E-post: studiesalen.ng@nasjonalmuseet.no