VenneforeiningNM.jpg
Foto: Børre Høstland / Nasjonalmuseet

Nasjonalgalleriets Venneforening

Nasjonalgalleriets Venneforening vart stifta i 1917. Venneforeininga har hatt ei gledeleg auke i medlemsmassen og tel i dag ca. 500 medlemmar.

Formålet til foreininga er å støtte Nasjonalgalleriet ved å skape interesse for museet og samlingane – og ved innkjøp av utanlandsk kunst. Venneforeininga har gitt meir enn 140 verk i gåve til Nasjonalgalleriet, her kan ein trekkje fram den eineståande samlinga av franske impresjonistar som er blitt kjøpt inn i løpet av åra. 

6–7 gongar i året arrangerer styret venneaftan med foredrag og spesialomvisingar i Nasjonalgalleriet eller i andre museum, svært ofte med bevertning etterpå.

Vår eller haust blir det arrangert dagstur for å besøke nokre av dei mange interessante stadane i næraste omegn, og annankvart år blir det arrangert kunstreise til ein spennande europeisk by.

Medlemmar i venneforeininga får også invitasjon til utstillingsopningane i Nasjonalmuseet.

Medlemskap

Årskontigent enkeltmedlemskap: 350 kr
Årskontigent familiemedlemskap: 500 kr
Årskontigent firmamedlemskap: 1500 kr
Livsvarig medlemskap: 7500 kr


Kontaktinformasjon

For mer informasjon kan du besøke nettstaden til Nasjonalgalleriets venneforening eller kontakte intendanten.

Adresse: Nasjonalgalleriets Venner v/Anne Bryhn
Sørkedalsveien 262A
0754 Oslo 
Telefon: 95 22 84 50
E-post: anbryh@online.no 

Relatert innhold