Om Nasjonalmuseet

Grunnlovsmarkeringen

I samband med grunnlovsjubileet viser Nasjonalmuseet fem utstillingar: tre historiske utstillingar under fellestittelen «Norge 1814», og to samtidskunstutstillingar.

Norge 1814

Under fellestittelen «Norge 1814» presenterer Nasjonalmuseet tre utstillingar i tre ulike visingsstadar:  Nasjonalgalleriet, Nasjonalmuseet – Arkitektur og Kunstindustrimuseet. Publikum får oppleve fleire verk som sjeldan eller aldri har vore viste i offentleg samanheng. Med «Norge 1814»-utstillingane ser vi kunsten frå perioden i eit nytt lys. Utstillingane blir følgd av eit rikhaldig arrangementsprogram som rettar seg mot eit breitt publikum, og eit variert formidlingstilbod for born og unge.

Se alle jubileumsutstillingene med én billett!

Tidsbilder. Norge 1814

Nasjonalgalleriet 17. januar–18. mai 2014

Utstillinga viser utviklinga av biletkunsten i dialog med dei nye ideala i det internasjonale kunstfeltet. I landskapsbileta blir norsk natur framstilt som både skjønn og ressursrik med sine fossar og skogar. Ikkje berre norskfødde kunstnarar deltok i denne utviklinga, også danske, tyske og svenske kunstnarar bidrog til å gi ein ny definisjon av den norske naturens karakter.

Portretta viser dei nye borgarlege ideala og framstiller sentrale personar i arbeidet med oppbygginga av den unge nasjonen. Ein viktig institusjon i utviklinga av det norske kunstmiljøet var Tegneskolen, oppretta i 1818. Utstillinga gir ein fyldig presentasjon av kunstnarar og verk frå dei første åra Tegneskolen var i drift.

Design og mote. Norge 1814

Kunstindustrimuseet 2. februar–31. august 2014

Møblar, glas, keramikk, mote og arkitektur formidlar nye idear om demokrati og nasjonalt sjølvstende i perioden som markerer overgangen frå rokokkoens pomp og prakt til empirens vektlegging av det enkle, bygd på ideala frå antikken. Handelssamband med utlandet og utviklinga av eit norsk næringsliv er også viktige faktorar for tidas nye tankar om design og mote. Utstillinga viser m.a. Anker-familien sin praktbygning Paleet, som i 1814 vart kongebustad for Christian Frederik og seinare for unionskongen Carl Johan. 

Utstillinga viser gjenstandar frå samlinga til Nasjonalmuseet i tillegg til lån frå inn- og utland.

Klassisk Christiania. Norge 1814

Nasjonalmuseet – Arkitektur 15. februar–8. juni 2014

Etter 1814 vart Christiania ikkje berre hovudstad, men også sete for ein heilt ny statsadministrasjon. Utstillinga viser korleis husa i Kvadraturen vart fylte av nye funksjonar. Den første stortingssalen var opphavleg festsalen til Kathedralskolen, teikna av arkitekt Charles Stanley. 

Christian Heinrich Grosch, som også teikna bygningen til Nasjonalmuseet – Arkitektur (tidlegare Noregs Banks filial i Christiania), er saman med Stanley gjennomgangsfiguren i utstillinga. Utstillinga tek heile Kvadraturen i bruk og formidlar både det tapte og det bevarte frå perioden. 

Samtidskunstutstillingar

I Nasjonalmuseets blindsone

Nasjonalmuseet – Arkitektur 15. februar–16. mars 2014

Vandreutstillinga stiller spørsmål om funksjonen til kunsten og kunstnarane i samfunnet. Følgjande sju kunstprosjekt er representert i utstillinga:

Atelier Populaire Oslo / Palestinerleir (2012) – en dokumentasjonav Andrea Lange: www.atelierpopulaire.no
Any Other Business (2011) av Nicoline Van Harskamp: www.vanharskamp.net
Cousins in Peace (2012) av Farhad Kalantary: www.farhad.no
Laaroussa (2011–2014) ved Selma og Sofiane Ouissi og kollektivet l’Art Rue: www.laaroussa.org
russianmarket.info (2006–2014) ved Mobile Kultur Byrå: www.russianmarket.info
Vesentlig Oversikt (1996–2013) (2014) og AMFIBIA 15 (2014) av SEX TAGS
Truth is Concrete (2012) ved Steirischer Herbst Festival: www.truthisconcrete.org

Utstillinga er eit samarbeid mellom Nasjonalmuseet og TrAP (Trans National Arts Production). Kurator for utstillinga er Samir M' kadmi.

Grip friheten! Take Liberty!

Museet for samtidskunst 11. april–10. august 2014

Denne internasjonale gruppeutstillinga tematiserer omgrep som demokrati, nasjonal identitet og personlig fridom. Kunstnarane reflekterer rundt moglegskapen til å uttrykke seg fritt i ei verd som framleis er prega av brot på grunnleggande menneskerettar. Utstillinga reflekterer over og tolkar dei filosofiske og politiske ideala frå 1814 og set dei inn i eit samtidsperspektiv. Ho viser blant anna den kinesiske samfunnskritiske kunstnaren Ai Weiwei (f. 1957) som gjennom sosiale medium har nådd langt ut over Kinas grenser med kunsten sin. Til gjengjeld har myndigheitene stengt bloggen hans, banka han opp og halde han i husarrest. Utstillinga står til 10. august. Kurator for utstillinga er Andrea Kroksnes.