SNØHETTA. Architecture – Landscape – Interior

Utstillinga blir vist i Asia.

Snøhetta kan i dag med rette kallast eit internasjonalt arkitektkontor – med bygningar under prosjektering på fleire kontinent, ein stab på 120 personar frå ulike nasjonar og kontor i Oslo og New York.

Snøhetta vart grunnlagt for 20 år sidan då dei vann konkurransen om Biblioteket i Alexandria. Deira fullførte arbeid spenner frå bakgårdslandskap, møblar og kunstinstallasjonar til Operaen i Oslo. Blant noverande prosjekt finst bl.a. forskingsprosjektet GLITNE om miljøvenleg, konkurransedyktig arkitektur, og det utopiske, gigantiske Ras al-Khaimah Gateway project i Dei sameinte arabiske emirata. Snøhetta har hausta stor heider i inn- og utland.

Utstillinga gir ein rikhaldig presentasjon av Snøhetta, deira bygningar, prosjekt, arbeidsmetodar og visjonar.

Kurator for utstillinga er Eva Madshus
Utstillinga er finansiert av Utanriksdepartementet

Visingsstader

2010

  • 04.02.-03.04.: USA, New York, Scandinavia House
  • 21.05.-04.06.: USA, Chicago, Crown Hall, IIT
  • 18.06.-15.08.: Canada, Cambridge utenfor Toronto, Riverside Gallery
  • 09.09.-13.10.: Mexico, Mexico City, UNAM (Universidad Nacional Autónoma de México)
  • 28.10.-27.11.: Mexico, Monterrey, Antigua Palacio Federal

2011

  • 21.01.–20.02.: Spania, Madrid, Fundación COAM
  • 04.03.–24.04.: Portugal, Lisboa, Museu de Electricidade, Fundacão EDP
  • 06.05.–20.06.: Tyskland, Hamburg, Freie Akademie der Künste
  • 08.07.–14.08.: Italia, Roma, Museo d'Arte Contemporanea Roma (MACRO)
  • 03.09.–02.10.: Danmark, København, Kunstakademiets arkitektskole
  • 14.10.–20.11.: Polen, Wroclaw

2012

  • 15.01.–04.03.: Island, Reykjavik, Reykjavik Art Museum
  • 29.03.–22.04.: Russland, Moskva, The Schusev State Museum of Architecture (MUAR)
  • 10.05.–16.06.: Østerrike, Linz, Architekturforum Oberösterreich (AfO)
  • 23.08.–30.09.: Russland, St. Petersburg, ERARTA Museum and Galleries of Contemporary Art
  • 10.10.–25.11.: Finland, Helsingfors, Finlands arkitekturmuseum

2013

  • 27.10.­–28.11.: Dei sameinte arabiske emirata, Sharjah, American University of Sharjah (AUS) College of Architecture, Art and Design

2014

  • 07.05.–05.06.: Saudi Arabia, Riyadh, King Saud University, College of Architecture and Planning
  • Til hausten: andre stadar i Midtausten