Om Nasjonalmuseet

Nettverk og samarbeid

Nasjonalt nettverk for kunst, arkitektur og design

Nasjonalmuseet er ansvarsmuseum i det nasjonale kunstmuseumsnettverket. Nettverket er tenkt som eit forum for overordna museumspolitiske og museumsfaglege utfordringar. Målet er å fremje samhandling og informasjonsflyt musea i mellom for å førebyggje overlappande verksemd og samarbeide om forsking og formidling, produksjon og kompetanseutvikling.

Nettverk skule

Nasjonalmuseet er tildelt rolla som nasjonal aktør på det visuelle området innan Den kulturelle skulesekken. Som ein del av dette arbeidet organiserer museet utstillingar og kompetansefremjande tiltak til grunnskulane gjennom nettverk skule. Nettverket er regulert gjennom fireårige intensjonsavtalar. Pr. 2011 har museet avtaler med 16 av landets fylker og 2 kommunar.

Nettverk galleri

Nettverk galleri omfattar kunstforeiningar, kunstnarsenter, kunsthallar, kulturhus og universitet/høgskular. Deltakarane i dette nettverket teiknar individuelle kontrakter med museet for kvar utstilling. Formidlingsmodellane er utforma med tanke på å stimulere kompetansen i kvar region ved at Nasjonalmuseet engasjerer og gir opplæring og løn til regionale formidlarar.

Nasjonalt museumsnettverk for minoritetar og kulturelt mangfald

Nettverket skal styrkje arbeidet med minoritetar og kulturelt mangfald gjennom å skape møteplassar, utveksle erfaringar og gjennomføre prosjekt. Nasjonalmuseet er deltakarmuseum i Mangfaldsnettverket.