Om Nasjonalmuseet

Utlån

Nasjonalmuseet låner årleg ut ei rekkje verk frå samlingane til utstillingar i inn- og utland. Det er også deponert verk frå museet i statlege bygg i inn- og utland.

Christian Skredsvig, Fransk landskap med kyr, 1880, måleri. Lånt ut til Lillehammer Kunstmuseum, Sørlandets Kunstmuseum og Drammens Museum i 2009. Foto: Nasjonalmuseet

Utlån er viktig for å presentere norsk kunst og å markere Nasjonalmuseet som institusjon i Noreg og i utlandet. Utlån blir innvilga ut frå vurderingar med omsyn til trygging, konserveringstilstand, m.m.

Førespurnader om lån skal gjerast skriftleg seinast 6 månader før utstillinga begynner. For å gjera saksbehandlinga enklare, skal førespurnaden innehalde:
- liste over ønska kunstverk (kunstnar, tittel, teknikk, mål, inventarnr.)
- utstillingsperiode og tittel
- skildring av utstillingskonseptet
- grunngjeving for søknaden

Verkslister kan også sendast digitalt med søknaden.

Klima- og tryggingstilhøve

Det er ønskeleg at det med søknaden blir lagt ved ein standard klima- og sikkerheitsrapport (fasilitetsrapport) eller at den blir sendt som e-post til Saksarkiv@nasjonalmuseet.no