Museumsbygninger

Nasjonalgalleriet

Den franske sal

Nasjonalgalleriets innbydande kafé, Den franske sal, vart teikna av Arnstein Arneberg i 1924 og komplettert med interiør designa av Kristin Jarmund i 2002.

Kafeen tilbyr ein variert og smakfull meny basert på sesongens ferske råvarer.

Last ned Den franske sal sin meny (pdf).

Interiøret i Den franske sal

Den franske sal er med sin blankpolerte stukkmarmor og forgylte detaljar eit av Nasjonalgalleriets mest overdådige rom. Salen vart bygd i 1923 og fekk namn og arkitektonisk utformning etter det som skulle bli vist: Ei omfattande samling gipskopiar av fransk 1600- og 1700-talsskulpturar, som var ei gåve frå den franske staten. Originalane finst i Louvre, og kopiane vart støypte på Louvre sitt eige gipsstøyperi.

Arkitekt Arnstein Arneberg fekk oppdraget og smykka ut salen med stukkmarmorerte veggar, handskorne, forgylte radiatorskjermar med franske liljer og ekte eikeparkett. Stukkmarmoren, som ikkje er marmor, men malt og polert gips, vart laga av gipsmakaren Giovanni De Paolis.

I byrjinga av 1960-åra blei rommet bygd om til utstillingssal for antikk skulptur, og etter det til kontor. I 2002 vart salen ført tilbake til si opprinnelege prakt, men gitt eit nytt innhald. Arkitekt for den nye innreiinga har vore Kristin Jarmund Arkitekter.

Relieffa som blei monterte inn i veggane, er ein del av den franske gåva: Kvinnefigurane høyrde opprinnelig til Jean Goujons La fontaine des innocents (Dei uskyldige si fontene), ført opp i Paris i 1547, og seinare overført til Louvre. Bystene i vindauga viser (frå venstre): målaren og museumsdirektøren Pierre Mignard av Desjardin, Marie Antoinette av Lecomte og Le grand Condé av Coysevox.

Nyttig informasjon

Åpningstider i kaféen:

Tirsdag, onsdag og fredag: 11.00–17.00
Torsdag: 11.00–18.00
Lørdag og søndag: 11.30–16.00
Mandag stengt

Den franske sal lukker dørene 1 time før museets stengetid.
Matservering alle dager til 16.00.

E-post:
denfranskesal
@nasjonalmuseet.no

Tlf.: 21 98 22 70