Samlinger og forskning

Forsking og utvikling

Forsking og utviklingsarbeid høyrer til blant Nasjonalmuseet sine kjerneoppgåver. Denne aktiviteten spring ut av og er delvis integrert i museet si kunstfaglege verksemd. Forskinga skal vere på eit høgt nivå og leve opp til internasjonal standard. I delstrategi for FoU er mål nummer 1 at forskingskompetansen og aktiviteten skal styrkast og utgjere ein viktig del av kjerneverksemda til museet. Vi arbeider no med avdelingsvise handlingsplanar for same periode.

Knytt til årets markering av Edvard Munchs kunstnarskap, bidreg dei tilsette i Nasjonalmuseet til gjennomføringa av ulike forskingsrelaterte aktivitetar som konferansane «Public paintings by Edvard Munch and his contemporaries. Change and conservation challenges», «Edvard Munch and / in Modernism» og «Munch in Print», i tillegg til Universitetet i Oslo sitt tilbod til kunsthistoriestudentane, ei punktutstilling «Skrik under lupen» i Nasjonalgalleriet og sjølvsagt den store utstillinga «Munch 150» med tilhøyrande katalog.

Aktivitet i 2012

FoU-aktiviteten i 2012 omfatta både vidareføring og avslutning av pågåande prosjekt. Resultata vart formidla gjennom utstillingar, publikasjonar og konferanseinnlegg innan dei fire samlingsområda til museet. I tillegg vart ei handfull nye, langsiktige prosjekt i samarbeid med eksterne sett i gong, både kunsthistoriske og konserveringsfaglege.

Utstillingskatalogen Christian Krohg. Bilder som griper og tidsskriftet Kunst og Kultur var dei viktigaste kanalane for vitskapeleg publisering i 2012. Sidsel Helliesen og Nina Berre gva ut kvar si bok: Thorbjørn Egner. Tresnitt og tegninger av gamle hus (Cappelen Damm) og Arkitekt Rolf Prag. Moderne på Hedmarken (Hedmarks Fylkesmuseum). Fagfolka i museet har også bidrege i publikasjonane til andre museum, som Anne Kjellberg i Gaver. Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum 1887-2012 (Permanenten Vestlandske Kunstindustrimuseum), Frode Ernst Haverkamp i In Front of Nature. The European Landscapes of Thomas Fearnley (The Barber Institute of Fine Arts, University of Birmingham) og Nils Ohlsen i 1912. Mission Moderne.Die Jahrhundertschau des Sonderbundes (Köln: Wienand).

Fire samarbeidsprosjekt innan FoU-feltet som Nasjonalmuseet inngår i:


White pigments in Early 20th Century paintings


Nasjonalmuseet inngår i White pigments in Early 20th Century paintingsinitiert av Art Access Research i London. Prosjektet tar sikte på å kartlegge hvilke hvite pigmenter som ble brukt i norske malerier fra tidlig 1900-tall, med spesielt henblikk på titanoksid.

HyPerCept


Nasjonalmuseet ved foto- og konserveringsseksjonane deltek i HyPerCept, eit forskingsprosjekt initiert og leia av Høgskolen i Gjøvik, og støtta av Noregs forskingsråd. Prosjektet undersøker muligheitene som ligg i hyperspektral avbilding. Teknikken er hittil nytta på verket til Munch, Skrik.

Nettversjon av Norsk kunstnerleksikon

Norsk kunstnerleksikon, som kom ut i tidsrommet 1982–1986, er eit viktig grunnlag for kunsthistorisk forsking om norske kunstnarar, arkitektar og kunsthandverkarar. Leksikonet har lenge vore utselt, og difor har Nasjonalmuseet og ABM-utvikling gått inn i eit samarbeid om å gjere leksikonet tilgjengeleg for alle på Internettet. Samtidig blir det lagt eit funksjonelt grunnlag for framtidig oppdatering og vidare utvikling av leksikonet.

Museet si prosjektgruppe består av Birgitte Sauge (leiar), Sidsel Helliesen, Dag Hensten og prosjektmedarbeidar Tove Aadland Sørvåg.

Exhibnet

Tre utvalde delar av Nasjonalmuseet sine digitalt baserte formidlingsaktivitetar inngår i det femårige forskingsprosjektet «Contact», i regi av InterMedia, Universitetet i Oslo. Prosjektet er finansiert av Noregs forskingsråd. For meir informasjon, kontakt anne.qvale@nasjonalmuseet.no. Sjå også InterMedia si side.

Verk fra samlingen

Edvard Munch
Skrik
1893. Tempera og fettstift på papp
© Nasjonalmuseet / Munch-museet / Munch-Ellingsen-gruppen / BONO 2010

Verk fra samlingen

Erik Werenskiold
Seierherrenes skip vender hjem etter slaget ved Svolder, (ant. 1897).
Illustrasjon til Olav Tryggvasons saga. Penn. 133 x 216 mm


Se flere eksempler på hva som finnes i samlingen i Digitalt museum




-->